Forskrift til opplæringslova

Kapittel 23. Dispensasjon frå forskrifta

§ 23-1.Dispensasjon

Departementet og Utdanningsdirektoratet kan i særskilde tilfelle dispensere frå reglane i kapitla 3, 4, 6 og 24.

0Endra ved forskrift 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009).

§ 23-2.Dispensasjon frå krava til å få vitnemål i § 4-31 grunna lærarstreiken våren 2008

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna lærarstreiken våren 2008 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 4-31 andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 17 juni 2008 nr. 591.

§ 23-3.Dispensasjon frå krava til å få vitnemål i § 3-39 grunna streik våren 2010

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2010 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 16 juni 2010 nr. 839, endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

§ 23-4.Dispensasjon frå krava til å få vitnemål i § 3-39 grunna streik våren 2012

Dei elevane i vidaregåande opplæring som grunna streiken våren 2012 manglar eksamenskarakterar i eit eller fleire fag eller som ikkje har fått avlagt eksamen etter føresegnene, har i desse faga dispensasjon frå krava i § 3-39 andre ledd.

0Tilføyd ved forskrift 5 juni 2012 nr. 491, endra ved forskrift 14 nov 2022 nr. 1959.

§ 23-5.(Opphevd)

0Tilføyd ved forskrift 29 april 2020 nr. 911, opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.

§ 23-6.(Opphevd)

0Tilføyd ved forskrift 29 april 2020 nr. 911, opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.

§ 23-7.(Opphevd)

0Tilføyd ved forskrift 29 april 2020 nr. 911, opphevd ved forskrift 26 mai 2020 nr. 1061.