Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

V. Eksamen

§ 3-22.Om eksamen

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt elev eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3. Eksamen skal gi eleven eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen og på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

Om ikkje anna er fastsett, gjeld føresegnene om eksamen òg for dei som etter læreplanverket skal ha eksamen som lærling, praksisbrevkandidat, kandidat for fagbrev på jobb eller praksiskandidat i faget.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-23.Ansvar

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har skoleeigar ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Skoleeigar har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar, og for å trekkje elevar til eksamen. Skoleeigar har ansvar for gi elevar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har òg ansvaret for at privatistar får tilgang til slik informasjon.

Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 9 nov 2021 nr. 3172.

§ 3-24.Melding til eksamen

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skolen melder til eksamen alle elevar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Elevar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skolen.

Privatistar har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som fylkeskommunen fastset. Privatisten kan ikkje vere elev, lærling eller praksisbrevkandidat i faget ved tidspunktet for oppmelding. Den som er teken inn som fulltidselev til vidaregåande opplæring, kan ikkje melde seg til eksamen utan at fylkeskommunen innvilgar at eleven kan bli deltidselev, jf. § 6-5 tredje ledd. Ein privatist kan berre melde seg til eksamen i det same faget éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast. Privatistar må betale ein prøveavgift etter fastsette satsar. Dei må ikkje betale for utsett og ny eksamen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-25.Eksamensformer og varigheit

Eksamensforma og om eksamen skal dekkje eit eller fleire fag, er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Elevar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-26.Trekk til eksamen

Om elevar skal trekkjast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen.

Trekket skal vere kjent for elevane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

Elevar i grunnskolen som forserar opplæringa i eit fag, jf. § 1-15, skal vere med i trekket til eksamen det opplæringsåret faget blir avslutta. Dette kjem i tillegg til dei andre eksamenane dei skal ha i grunnskolen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-27.Førebuingsdel

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa og skal førebu elevane og privatistane på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen eleven eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege eksamenar for elevar skal ha førebuingsdel. Førebuingstida skal vere 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingstida kan vare frå 24 timar til 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, fastsett kor lang førebuingstida skal vere. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge førebuingstida skal vare.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-28.Sensur

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentrale eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokale eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønsker det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensor skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-29.Særskild tilrettelegging

Elevar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til eleven og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at eleven eller privatisten får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at eleven eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Rektor avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for elevar. Avgjerda til rektor er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Rektor kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar må leggje fram ein sakkunnig uttale. Fylkeskommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

§ 3-30.Særskild eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-31.Ny eksamen for elevar i vidaregåande opplæring

Ein elev som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-32.Utsett eksamen for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring

Ein elev eller privatist som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Eleven beheld standpunktkarakteren i faget.

Eleven eller privatisten må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom eleven ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein elev har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-33.Bortvising frå eksamen

Elevar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan eleven eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av rektor sjølv og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Eleven eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein elev i vidaregåande opplæring eller ein privatist får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

§ 3-34.Annullering av eksamen

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 3-39 dersom omsynet til elevane tilseier det.

Dersom ein elev har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert. Tverrfagleg eksamen vil berre bli annullert om eleven ikkje får standpunktkarakter i nokon av programfaga som inngår i eksamenen.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom eleven eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av rektor sjølv for elevar. Eleven skal ha høve til å uttale seg munnleg før rektor fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. For privatistar blir spørsmålet avgjort av fylkeskommunen. Privatistar skal ha høve til å uttale seg munnleg for fylkeskommunen før enkeltvedtak om annullering av eksamen blir fatta. Eleven eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til statsforvaltaren.

For elevar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).