Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

VII. Særskilde føresegner for fag-/sveineprøva og kompetanseprøva

§ 3-46.Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av fag-, sveine-, praksisbrev- og kompetanseprøva, og for å gjere prøvekandidatane kjende med føresegnene som regulerer prøva.

Prøvane skal som hovudregel haldast før utløpet av læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over. Kandidatane må fullføre læretida for å få dokumentasjon. Læretida kan forlengjast ved avtale.

Prøva skal normalt gjennomførast i den bedrifta der lærlingen, praksisbrevkandidaten, kandidaten for fagbrev på jobb eller lærekandidaten har hatt hovuddelen av opplæringa, og tilpassast verksemda i bedrifta.

Prøvenemnda kan be praksiskandidaten om forslag til kvar eller korleis fag- eller sveineprøva kan gjennomførast.

Fylkeskommunen kan, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at heile eller delar av prøva skal haldast på ein annan stad.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-47.Melding til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen, kandidaten for fagbrev på jobb eller eleven til fag- eller sveineprøva første gong. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten til kompetanseprøva eller praksisbrevprøva første gong. Meldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten, kontrakten for fagbrev på jobb eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal meldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om ikkje fylkeskommunen har motteke melding til prøva to månader før kontraktstida er ute, skal dei ta kontakt med bedrifta/skolen.

Kandidatar for fagbrev på jobb skal, der det er fastsett i læreplanverket, ha bestått ein eksamen før lærebedrifta melder kandidaten til fag- eller sveineprøva.

Praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøva til fylkeskommunen innan fristar fylkeskommunen fastset. Praksiskandidaten skal sjølv betale prøveavgifta. Praksiskandidatane skal før dei sender melding, ha bestått ein eksamen der dette er fastsett i læreplanverket.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-48.Krav om bestått

Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått alle fag og eksamenar som er fastsette i fag- og timefordelinga for utdanningsprogrammet.

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Praksisbrevkandidatar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i eitt fellesfag, kan likevel få framstille seg til praksisbrevprøva. Dersom det ikkje ligg føre vedtak etter § 3-42, må desse lærlingane, elevane og praksisbrevkandidatane bestå faga innan to år etter at prøva er halden for å få skrive ut fagbrev, sveinebrev eller praksisbrev.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-49.Prøvenemnd for fag- og sveineprøve

Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, har oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal sikre at prøvenemnda har tilfredsstillande kompetanse til å vurdere prøva.

Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.

Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-50.Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.

Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget etter læreplanen for opplæring i bedrift. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Prøvenemnda skal syte for at kandidaten får vist om han eller ho har den kompetansen som skal til for å få fag- eller sveinebrev i faget.

Fag-/sveineprøva skal prøve kandidaten i å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eit eige fagleg arbeid.

Fag- eller sveineprøva skal vere tilpassa tidsramma som er fastsett for prøva i læreplanen, slik at det er mogleg for kandidaten å utføre eit arbeid av god kvalitet. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, kan òg nyttast under prøva.

Prøvenemnda og kandidaten skal ved behov ha ein oppsummerande samtale til slutt for å avklare spørsmål som har oppstått under prøva.

Prøvenemnda skal samstundes med oppgåva utarbeide eit grunnlag for vurderinga av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta skal gjerast klare for kandidaten.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-51.Gjennomføring av fag- og sveineprøva

Heile prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt. Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten. I prøveperioden skal prøvenemnda sjølv vurdere kandidaten sitt arbeid. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva, for å sikre at prøva blir halden i tråd med føresegnene.

Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-52.Vurdering av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva, og fastsetje karakter.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.

Det skal brukast ein tredelt skala med dette innhaldet:

a.bestått mykje godt: mykje god eller framifrå kompetanse i faget
b.bestått: tilfredsstillande eller god kompetanse i faget
c.ikkje bestått: svært låg kompetanse i faget.

Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene i prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-53.Samla krav til praksis før fag- eller sveineprøve for kandidatar for fagbrev på jobb

For kandidat for fagbrev på jobb, er det mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis og opplæring. Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast.

Før teikning av kontrakt, skal det stillast krav om minimum eitt års allsidig praksis i faget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid.

Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd, og for eventuell realkompetanse, før ein inngår kontrakten. Det er likevel eit krav om ei minste kontraktstid på eitt år.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-54.Utarbeiding, innhald og vurdering av praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Fylkeskommunen har ansvaret for at praksisbrevprøver og kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte. Praksisbrevkandidatane skal prøvast i måla som er fastsette i den lokale læreplanen i faget. Lærekandidatane skal prøvast i dei opplæringsmåla som er fastsette for dei, jf. opplæringslova § 4-4. Innanfor dei rammene som måla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøva, jf. § 3-50 og § 3-51.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten eller i den lokale læreplanen.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 3-52, brukast.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-55.Oppbevaring av prøvearbeid

Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. For praksisbrevprøve og kompetanseprøve skal dei som står for vurdering av prøvene i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. Prøvearbeidet skal så langt råd er, takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-56.Ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Dersom fag-, eller sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått ved første forsøk, kan lærlingen, eleven, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb innan seks månader etter prøva melde seg til ei ny prøve. Kontrakten kan forlengjast i avtale. Fylkeskommunen har ansvaret for å gjennomføre prøva og skal dekkje utgifter lærebedrifta har med gjennomføringa.

Lærlingar som ikkje består fag- eller sveineprøva ved andre forsøk, vil bli praksiskandidatar. Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho melde seg til ny prøve. Denne kan tidlegast takast seks månader etter prøva som ikkje var bestått. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny prøve, og betale ny prøveavgift.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-57.Utsett fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve

Ein lærling, elev, praksiskandidat, praksisbrevkandidat, lærekandidat eller kandidat for fagbrev på jobb som har dokumentert fråvær ved fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.

Fråvær frå prøva blir rekna som dokumentert når lærlingen, eleven, lærekandidaten, praksiskandidaten, praksisbrevkandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og han eller ho elles ikkje kan lastast for hindringa. Kandidaten må leggje fram dokumentasjon på dette.

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-58.Særleg tilrettelegging av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få forholda lagde til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i læreplanen for faget. Fylkeskommunen kan samtykkje i at gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Tiltaka må vere tilpassa behova til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, praksiskandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging av prøva. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb ikkje blir prøvd i kompetansemåla i læreplanen for faget. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette prøva slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde.

Fylkeskommunen avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Avgjerda til fylkeskommunen er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Fylkeskommunen kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av prøva krev ikkje enkeltvedtak om spesialundervisning.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-59.Reaksjonsmåtar ved juks

Fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har juksa eller forsøkt å jukse ved prøva.

Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere praksisbrevprøva og kompetanseprøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skal ha høve til å uttale seg munnleg for den/dei som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om annullering av prøva. Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten, eleven, praksiskandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb har likevel rett til å fullføre prøva. Enkeltvedtak om annullering av fag- og sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve kan klagast på til statsforvaltaren.

Dersom fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til ny prøve tidlegast eit år etter den annullerte prøva.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

§ 3-60.Bortvising frå fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva og kompetanseprøva

Lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar, elevar, praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av fag-/sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Dersom åtferd til ein kandidat er i strid med denne føresegna, kan kandidaten etter å ha blitt åtvara, visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan vise bort kandidatar frå praksisbrevprøva eller kompetanseprøva. Kandidaten skal ha høve til å uttale seg munnleg for den som tek avgjerda, før det blir gjort enkeltvedtak om bortvising.

Dersom ein kandidat får medhald i klage på bortvising, har han eller ho rett til ny fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve eller kompetanseprøve.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).