Forskrift til opplæringslova

Kapittel 11. Særskilde reglar om fagopplæringa

Godskriving av tidlegare gjennomgått opplæring og praksis

0Overskrifta endra ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).

§ 11-8.Generelt om godskriving

§ 11-9 til § 11-15 gir reglar om kva som kan godskrivast som gjennomgått opplæring eller praksistid

a.for praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, kandidatar for fagbrev på jobb eller
b.ved godkjenning av lærekontrakt eller opplæringskontrakt med unntak frå opplæringsordninga i faget, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd.

Som gjennomgått opplæring skal ein òg rekne med oppnådd kompetanse etter realkompetansevurdering jf. § 4-6 eller etter eksamen bestått som privatist.

Det kan ikkje gjevast godskriving etter § 11-10 til § 11-12 når det vert gjeve godskriving etter § 11-13 eller § 11-14.

Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med § 11-9 flg.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018), 14 nov 2022 nr. 1959.

§ 11-9.(Oppheva)

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008), 1 juli 2009 nr. 964 (i kraft 1 aug 2009), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018), oppheva ved forskrift 8 nov 2018 nr. 1668 (i kraft 10 nov 2018).

§ 11-10.Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole i Kunnskapsløftet

Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Vg1 i utdanningsprogrammet for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Alle andre Vg1 blir godskrive med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.

Vg2 som er fastsett for det aktuelle lærefaget (ordinært løp eller godkjent kryssløp), blir godskrive med eitt år. Andre Vg2 i det utdanningsprogrammet som er fastsett for det aktuelle lærefaget blir godskrivne med 1/2 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år. Alle andre Vg2 blir godskrivne med 1/4 år, men dersom innhaldet i faget yrkesfagleg fordjuping er relevant for det aktuelle lærefaget, kan godskrivinga aukast ytterlegare med inntil 1/4 år.

Vg3 i skole som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 1/2 år, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre Vg3 blir ikkje godskrivne.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-15), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 25 jan 2017 nr. 80 (i kraft 1 feb 2017), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

§ 11-11.Gjennomgått vidaregåande opplæring i skole før innføringa av Kunnskapsløftet

Reglane nedanfor gjeld for godskriving i læretida for lærlingar og lærekandidatar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Grunnkurs som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg1 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre grunnkurs blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år.

VKI som i forhold til det aktuelle lærefaget kan likestillast med aktuelt Vg2 i Kunnskapsløftet blir godskrive med eitt år. Andre VKI blir godskrivne med 1/4 år, men dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget kan godskrivinga aukast ytterligare med inntil 1/4 år.

VKII innan same fagområde som det aktuelle lærefaget blir godskrive med inntil 1/2 år avhengig av kor relevant den gjennomgåtte opplæringa er i forhold til lærefaget, og inntil 1 år dersom læretida i faget utgjer meir enn 4 år. Andre VKII blir ikkje godskrive.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-16), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

§ 11-12.Tidlegare læretid eller praksistid

Allsidig, dokumentert praksis i tilknyting til det aktuelle lærefaget, blir godskriven fullt ut som læretid for lærlingar og lærekandidatar og som praksistid for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Før praksiskandidaten kan gjennomføre fag- eller sveineprøva etter opplæringslova § 3-5, må praksisen etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for opplæring i bedrift/Vg3 i lærefaget.

Dersom ein lærling eller elev ikkje gjennomfører eller ikkje består fag- eller sveineprøva etter reglane for slike prøvekandidatar, kan vedkommande melde seg til fag- eller sveineprøva etter reglane som gjeld for praksiskandidatar når kravet om eit tillegg i tid på 25 prosent i opplæringslova § 3-5 er oppfylde eller etter reglane for kandidatar for fagbrev på jobb.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-17), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

§ 11-13.Tidlegare bestått fag- eller sveineprøve i Kunnskapsløftet

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på det same Vg2 som det aktuelle lærefaget, blir godskrive med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som byggjer på eit anna Vg2 innanfor det same utdanningsprogrammet som det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i fag innanfor andre utdanningsprogram enn det aktuelle faget blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-18), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

§ 11-14.Bestått fag- eller sveineprøve før Kunnskapsløftet

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som kan likestillast med det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 3 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i fag som slektar på det aktuelle lærefaget, blir godskriven med 2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.

Bestått fag- eller sveineprøve i andre fag blir godskriven med inntil 1/2 år i læretida for lærlingar og i praksistida for praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb, dersom den gjennomgåtte opplæringa er relevant i forhold til lærefaget.

0Endra ved forskrifter 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008, tidlegare § 11-19), 9 juli 2008 nr. 830 (i kraft 1 aug 2008), 11 okt 2018 nr. 1613 (i kraft 25 okt 2018).

§ 11-15.Dispensasjon frå godskrivingsreglane

I særlege tilfeller og ved særlege fagkombinasjonar der godskrivingsreglane ut frå ei fagleg vurdering vil gi eit urimeleg resultat, kan fylkeskommunen fråvike frå forskrifta § 11-10 til § 11-14.

0Tilføyd ved forskrift 4 mars 2008 nr. 214 (i kraft 5 mars 2008).