Norsk Lovtidend logo

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova

DatoFOR-2008-03-04-214
DepartementKunnskapsdepartementet
PublisertI 2008 hefte 3 s 480
Ikrafttredelse05.03.2008, 01.08.2008
EndrerFOR-2006-06-23-724
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1998-07-17-61
Kunngjort07.03.2008   kl. 14.35
Rettet13.03.2008 (ikrafttr. kap 14. rettet til 01.08.2008)
Journalnr2008-0203
KorttittelEndr. i forskrift til opplæringslova

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 4. mars 2008 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar: 

§ 2-1 skal lyde:

§ 2-1.Skolebasert vurdering

Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skoleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene. 

§ 4-3 bokstav g skal lyde:

g)Eksamen er den prøva som blir organisert etter reglane i dette kapitlet, og som blir halden ved avslutninga av fag. Omgrepet omfattar ikkje fag- og sveineprøva og kompetanseprøva, men omfattar den eksamen som i einskilde lærefag kan bli gitt før fag- eller sveineprøva, og den eksamen som praksiskandidatar må bestå før dei melder seg til fag- eller sveineprøva. 

§ 4-40 skal lyde:

§ 4-40.Fag- og sveineprøve og kompetanseprøve

For vaksne gjeld reglane for fag- og sveineprøve og kompetanseprøve i § 4-46 til § 4-63. 

§ 4-43 skal lyde:

§ 4-43.Fag- og sveinebrev

For å få utferda fag- eller sveinebrev må fag- eller sveineprøva vere bestått.

For fag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, er godkjent realkompetanse likeverdig med bestått. 

§ 4-46 til § 4-49 skal lyde:

§ 4-46.Fag- og sveineprøve

Fylkeskommunen har ansvaret for at fag- og sveineprøva blir gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet og med læreplanen i faget. Fylkeskommunen har ansvaret for at prøvekandidatane er kjende med føresegnene som regulerer prøva.

Fag- og sveineprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.

Prøva skal normalt gjennomførast i den bedrifta lærlingen har hatt hovuddelen av opplæringa. Dersom prøva blir gjennomført i lærebedrifta, skal prøva tilpassast verksemda i bedrifta. Fylkeskommunen kan i særskilde tilfelle, etter å ha innhenta råd frå prøvenemnda, bestemme at prøva skal haldast ein annan stad.

§ 4-47.Kompetanseprøve for lærekandidatar

Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøva blir gjennomført i samsvar med reglane i dette kapitlet og med dei opplæringsmåla som er fastsette for kandidaten, jf. § 6-37 eller opplæringslova § 5-5. Fylkeskommunen har ansvaret for at prøvekandidatane er kjende med føresegnene som regulerer prøva.

Kompetanseprøva skal som hovudregel gjennomførast ved slutten av opplæringstida og skal normalt vere avslutta seinast innan to månader frå dette tidspunktet.

§ 4-48.Oppmelding til fag- og sveineprøve og kompetanseprøve

Lærebedrifta eller skolen melder lærlingen eller eleven opp til fag- eller sveineprøva. Lærebedrifta melder lærekandidaten opp til kompetanseprøva. Oppmeldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten eller opplæringskontrakten er registrert. For elevar skal oppmeldinga sendast til fylkeskommunen der skolen ligg. Om oppmelding av praksiskandidatar sjå § 4-50.

§ 4-49.Krav om bestått i fag for å framstille seg til fag- og sveineprøve for lærlingar og elevar

Før fag- eller sveineprøva kan gjennomførast, skal lærlingen eller eleven som hovudregel ha bestått dei faga som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole for vedkommande yrkesfaglege utdanningsprogram. Det same gjeld for eksamen etter § 4-49a i særskilde fag.

Lærlingar og elevar som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, kan likevel få framstille seg til fag- eller sveineprøva. Desse lærlingane og elevane må bestå faga innan to år etter at fag- eller sveineprøva er halden for at fag- eller sveinebrev kan utferdast. Sjå likevel unntak frå dette i § 4-62. 

Nye § 4-49a og § 4-49b skal lyde:

§ 4-49a.Eksamen i læretida for særskilde lærefag

Det kan i læreplanen for det einskilde lærefaget fastsetjast at eleven eller lærlingen skal gå opp til ein eigen eksamen før fag- eller sveineprøva. Eksamen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamen skal sensurerast lokalt.

§ 4-49b.Vurdering for lærlingar som har lærekontrakt som omfattar opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole

Når det i ei lærekontrakt inngår opplæring i programfag som er fastsette i fag- og timefordelinga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole, skal lærlingen gå opp til ein eksamen etter nærmare føresegner frå Utdanningsdirektoratet. Eksamen skal syne i kva grad lærlingen har nådd mål som er fastsette i programfaga for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole.

Lærebedrifta melder lærlingen opp til eksamen. Oppmeldinga skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der lærekontrakten er registrert. 

§ 4-50 til § 4-63 skal lyde:

§ 4-50.Særlege føresegner om fag- og sveineprøve for praksiskandidatar

Praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, må sjølve melde seg til fag- og sveineprøve. Meldinga går til fylkeskommunen der vedkommande kandidat bur innan fristar som fylkeskommunen fastset. Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva er fastsett i § 4-52.

Før praksiskandidatar melder seg til fag- eller sveineprøve, skal dei ha bestått ein eigen eksamen etter nærmare føresegner frå Utdanningsdirektoratet. Eksamen skal prøve i kva grad den einskilte praksiskandidat har nådd mål som er fastsette i læreplanane for Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skole som lærefaget byggjer på, og som er relevante for lærefaget. Eksamen blir halden i regi av fylkeskommunen. Eksamen skal sensurerast lokalt.

I fag som har eksamen etter § 4-49a skal denne prøva vere bestått før ein praksiskandidat melder seg til fag- eller sveineprøve.

Dersom prøvenemnda ber om det, kan praksiskandidaten kome med forslag til kvar fag- eller sveineprøva kan haldast, og korleis prøva kan gjennomførast.

Dersom praksiskandidaten ikkje består fag- eller sveineprøva, kan ny prøve tidlegast haldast etter seks månader.

Praksiskandidatar skal betale prøveavgift i samsvar med dei satsane som Stortinget har vedteke.

§ 4-51.Prøvenemnd for fag- og sveineprøve

Prøvenemnda for fag- eller sveineprøva blir oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-8. Ho skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og så langt det er mogleg, ha oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Fylkeskommunen skal ved oppnemninga òg ta omsyn til at det vert tilfredsstillande vurderingskompetanse i prøvenemnda.

Fylkeskommunen skal hente inn forslag til medlemmer i prøvenemnda frå partane i arbeidslivet. Fylkeskommunen kan om nødvendig hente inn forslag også frå andre.

Medlemmene må normalt vere eksterne i forhold til lærebedrifta eller skolen der kandidaten har fått opplæring.

§ 4-52.Innhald i og omfang av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda har ansvaret for utforminga av fag- og sveineprøva. Lærebedrifta, eventuelt skolen som alternativ til opplæring i bedrift, kan kome med forslag til arbeidsoppgåver.

Fag- og sveineprøva skal prøve kandidaten sin kompetanse i faget slik han er beskriven i læreplanen for opplæring i bedrift i lærefaget. Alle kompetansemåla i læreplanen for faget skal kunne prøvast. Arbeidsoppgåvene i prøva skal reflektere krava til fagleg kompetanse. Prøvenemnda har ansvar for at kandidaten sin kompetanse i faget vert prøvd på forsvarleg måte.

Oppgåva skal klart definere innhaldet i det ein forventar av kandidaten sitt arbeid. Innanfor ramma av kompetansemåla i læreplanen skal oppgåva prøve kandidaten i:

-Planlegging av arbeidet og grunngjeving for valde løysingar
-Gjennomføring av eit fagleg arbeid
-Vurdering av eige prøvearbeid
-Dokumentasjon av eige prøvearbeid.

Omfanget av prøva skal vere klart definert og innanfor den tidsramma som er fastsett i læreplanen.

Prøvenemnda kan i ein oppsummerande samtale til slutt stille spørsmål til fagleg avklaring.

Oppgåva må utformast slik at ho gir kandidaten reell moglegheit til å utføre eit kvalitetsmessig godt arbeid innanfor fastsett tidsramme. Dei hjelpemidla kandidaten har brukt i læretida, skal kunne nyttast under prøva. Det skal gå tydeleg fram korleis dei ulike delane av prøva skal leverast.

I tillegg til oppgåva, skal prøvenemnda samstundes utarbeide eit grunnlag for vurdering av kandidaten sitt arbeid med fag- eller sveineprøva. Hovudpunkta i grunnlaget skal gjerast klare for kandidaten.

§ 4-53.Gjennomføring av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda skal vere på prøvestaden ved prøvestart og prøveslutt, og skal utføre nødvendig inspeksjon og vurdering av kandidaten sitt arbeid under prøveperioden og ved prøveslutt. Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført tilsyn under heile prøva. Prøvenemnda kan ikkje delegere ansvaret for å vurdere kandidaten til tilsynspersonar.

Ved prøvestart skal prøvenemnda levere oppgåva til kandidaten.

Prøvenemnda skal føre protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

§ 4-54.Vurdering av fag- og sveineprøva

Prøvenemnda skal vurdere kandidaten sin kompetanse slik han er dokumentert gjennom fag- eller sveineprøva og fastsetje karakter.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla i læreplanen for faget som kandidaten er prøvd i.

Ved vurderinga skal det brukast ein tredelt skala som har dette innhaldet relatert til kompetansemåla i læreplanen for faget:

-Bestått mykje godt: Mykje tilfredsstillande måloppnåing i faget
-Bestått: Tilfredsstillande og middels måloppnåing i faget
-Ikkje bestått: Mykje svak eller inga måloppnåing i faget.

Fylkeskommunen fastset ved oppnemninga kven av medlemmene av prøvenemnda som skal avgjere karakteren, dersom det er usemje når stemmetalet er likt.

§ 4-55.Utarbeiding, innhald og vurdering av kompetanseprøva

Fylkeskommunen har ansvaret for at kompetanseprøver blir utarbeidde og vurderte. Lærekandidatane skal prøvast i forhold til dei måla som er fastsette for kandidaten, jf. § 6-37 eller opplæringslova § 5-5. Innanfor dei rammene som opplæringsmåla set, skal prøva utarbeidast og gjennomførast etter same prinsipp som for fag- og sveineprøver, jf. § 4-52 og § 4-53.

Karakteren skal gi uttrykk for i kva grad kandidaten har nådd måla som er fastsette for kandidaten.

Ved vurderinga skal den tredelte skalaen som er fastsett i § 4-54 brukast.

Fylkeskommunen er ansvarleg for at det blir ført protokoll der dei ulike sidene ved prøvegjennomføringa blir dokumenterte. Prøveprotokollen skal vere så utfyllande at han kan gi eit godt bilete av sjølve prøvegjennomføringa i ei eventuell klagebehandling.

§ 4-56.Oppbevaring av prøvearbeid for fag- og sveineprøva

Er fag- eller sveineprøva ikkje bestått, skal prøvenemnda i samråd med fylkeskommunen syte for oppbevaring av prøvearbeidet. Prøvearbeidet skal så langt råd er takast vare på slik kandidaten leverte det frå seg. Dersom prøvearbeidet ikkje kan takast vare på, skal det sikrast med fotografi eller ei nøyaktig beskriving med tanke på framlegging i ei eventuell klagebehandling.

§ 4-57.Ny fag- og sveineprøve og kompetanseprøve

Dersom fag- eller sveineprøva eller kompetanseprøva ikkje er bestått, kan lærlingen, eleven eller lærekandidaten ta ny prøve. Læretida kan eventuelt bli forlengd ved frivillig avtale mellom lærebedrifta og lærlingen eller lærekandidaten. Fylkeskommunen har ansvaret for gjennomføringa av ny fag- eller sveineprøve eller kompetanseprøve. Fylkeskommunen kan i særskilde tilfelle oppheve plikta etter denne føresegna. Fylkeskommunen dekkjer utgiftene som lærebedrifta har med å gjennomføre prøva.

Dersom ein praksiskandidat ikkje består fag- eller sveineprøva, kan han eller ho ta ny prøve tidlegast etter seks månader. Praksiskandidatar må sjølve melde seg til ny fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.

§ 4-58.Utsett fag- og sveineprøve og kompetanseprøve

Ein lærling, elev, praksiskandidat eller lærekandidat som har dokumentert gyldig forfall ved fag- eller sveineprøva eller kompetanseprøva, har rett til å framstille seg til utsett prøve. Utsett prøve skal haldast så snart det er praktisk mogleg.

Forfall til prøva blir rekna som gyldig når han eller ho det gjeld, er hindra frå å stille til prøva, når hindringa er uføreseieleg og lærlingen, eleven, praksiskandidaten eller lærekandidaten elles ikkje kan lastast for hindringa.

Praksiskandidatar må sjølve melde seg til utsett fag- eller sveineprøve og betale ny prøveavgift.

§ 4-59.Særleg tilrettelegging av fag- og sveineprøva og kompetanseprøva

Når ein lærling, elev, praksiskandidat eller lærekandidat har særleg behov for det, skal fylkeskommunen kunne samtykkje i at gjennomføringa av fag- eller sveineprøva eller kompetanseprøva blir særskild tilrettelagd. Ved tilrettelegginga legg ein føresegnene i § 4-24 til grunn.

§ 4-60.Reaksjonsmåtar ved fusk

Fag- og sveineprøve og kompetanseprøve kan annullerast dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske ved prøva.

Spørsmålet om annullering av fag- eller sveineprøva skal avgjerast av prøvenemnda. Fylkeskommunen avgjer kven som kan annullere kompetanseprøva. Annullering inneber her at prøva skal vurderast til ikkje bestått.

§ 4-61.Bortvising frå fag- og sveineprøva og kompetanseprøva

Den som er oppe til fag- eller sveineprøva eller kompetanseprøva, og som gjer gjennomføringa av prøva vanskeleg ved åtferd som forstyrrar andre kandidatar, kan etter å ha vorte åtvara visast bort. Leiaren av prøvenemnda avgjer spørsmålet om bortvising frå fag- og sveineprøva. Fylkeskommunen avgjer kven som kan bortvise frå kompetanseprøva.

§ 4-62.Fag- og sveinebrev

Fag- eller sveinebrev blir utferda som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve.

Før fag- eller sveinebrev kan utferdast, må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått.

I særskilde tilfelle kan fag- eller sveinebrev likevel utferdast til lærlingar og elevar sjølv om dei ikkje har bestått i inntil to av fellesfaga, jf. § 4-49 andre ledd. Samtykke til slikt unntak kan bli gitt når:

a)lærlingen eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i grunnskolen
b)lærlingen eller eleven har vore friteken for vurdering med karakter i faget eller faga i den vidaregåande skolen, eller
c)lærlingen eller eleven har spesifikke lærevanskar, t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar.

Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakteren er sett eller eksamen eller fagprøva er gjennomført. Før søknader om unntak kan behandlast, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Før søknader om unntak etter punkt c) kan bli behandla, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Fylkeskommunen avgjer søknader om unntak i samsvar med vilkåra ovanfor. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen til læreforhold. Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

Praksiskandidatar er fritekne frå kravet til fellesfag for å få utferda fag- eller sveinebrev.

I dei lærefaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda fag- eller sveinebrev, kan ein ikkje gi fritak i strid med slike sertifiseringsføresegner. Dette gjeld både elevar, lærlingar og praksiskandidatar.

Fylkeskommunen skal gjere bedriftene merksam på dei høve til unntak og fritak som en nemnde ovanfor når det blir teikna kontrakt.

Fylkeskommunen er ansvarleg for utferding av fag- eller sveinebrev.

§ 4-63.Vitnemål og kompetansebevis

Det skal også utferdast vitnemål som dokumentasjon for bestått fagopplæring, jf. § 4-31. Vitnemålet kjem i tillegg til fag- eller sveinebrev.

Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring når vilkåra for å få fag- eller sveinebrev eller vitnemål ikkje er oppfylte. Krava til kva kompetansebeviset skal vise står i § 4-33.

Kven som er ansvarleg for å utferde vitnemål og kompetansebevis står i § 4-31 og § 4-33. 

§ 4-64, § 4-65 og § 4-66 skal opphevast. 

§ 5-4 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Klage som gjeld fag- og sveineprøve og kompetanseprøve, skal sendast til fylkeskommunen der prøva er halden. 

§ 5-14 skal lyde:

§ 5-14.Klage på bedømminga av fag- og sveineprøve og kompetanseprøve i vidaregåande opplæring

Klage på den faglege vurderinga av prøvearbeidet til ikkje bestått skal sendast til fylkeskommunen i det fylket der prøva er gjennomført, jf. § 5-4 andre ledd tredje punktum. Fylkeskommunen skal innhente uttale frå dei som har gjeve den opphavlege bedømminga, jf. § 4-54 og § 4-55, før saka vert sendt til klageinstansen.

Klageinstans for klage på bedømming av fag- og sveineprøver er klagenemnda som er oppnemnd i samsvar med opplæringslova § 12-6. Klageinstans for klage på bedømming av kompetanseprøver er den fylkeskommunen gir mynde.

Medlemmene i klagenemnda må ikkje ha vore med i førstegongsbedømminga og bør ikkje vere frå den bedrifta eller skolen som klagaren kjem frå.

Klagenemnda kan gjere om resultatet frå ikkje bestått til bestått, avvise klaga eller oppheve den opphavlege avgjerda og vise til ny prøve.

Klage som er grunngitt med formelle feil eller andre ikkje-faglege forhold, skal behandlast av fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Dersom det er gjort formelle feil som kan ha hatt avgjerande verknad for prøveresultatet, skal den opphavlege avgjerda opphevast. Prøva skal da reknast for ikkje gjennomført, og klagaren har høve til å gjennomføre ny prøve så snart som mogleg. 

§ 6-37, § 6-38 og § 6-39 og noverande overskrift framanfor desse paragrafane skal opphevast. 

Overskrifta framanfor § 6-40 skal lyde:

Inntak til opplæring for lærlingar og lærekandidatar 

§ 6-40 skal lyde:

§ 6-40.Organisering for lærlingar og lærekandidatar

Fylkeskommunen kan godkjenne lærekontraktar og opplæringskontraktar som inneheld unntak frå den opplæringsordninga som er fastsett i Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd. Unntaket kan vere at lærebedrifta tek ansvar for ein større del av opplæringa enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, eller at opplæringa i skole og bedrift skjer i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Det skal gå fram av lærekontrakten og opplæringskontrakten kva opplæringsansvar bedrifta har for lærlingen eller lærekandidaten. Det skal vere samsvar mellom opplæringsansvaret og den tida bedrifta har ansvar for lærlingen eller lærekandidaten. Dersom opplæringa i skole og bedrift skal skje i ei anna rekkjefølgje enn det som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, skal organiseringa gå klart fram av kontrakten.

Vaksne lærlingar eller lærekandidatar som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt som fastset ei anna opplæringsordning enn den som følgjer av Læreplanverket for Kunnskapsløftet for faget, skal normalt få den delen av opplæringa som ikkje skjer i bedrift, som opplæring organisert for vaksne. 

Overskrifta mellom kapitteloverskrifta og § 11-1 skal lyde:

Lærebedrifta 

§ 11-1 til § 11-5 skal lyde:

§ 11-1.Godkjenning av lærebedrift

Kvar enkelt bedrift som driv opplæring av lærlingar og/eller lærekandidatar må vere godkjend av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-3 første og andre ledd. Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, gir godkjenning for kvart enkelt fag lærebedrifta skal kunne ha lærling eller lærekandidat i. Har bedrifta lokale i fleire fylkeskommunar, avgjer lokaliseringa til den aktuelle avdelinga av lærebedrifta kva for ein fylkeskommune som kan godkjenne denne.

§ 11-2.Opplæringskontor og opplæringsring

Eit opplæringskontor er eit organ for bedrifter som samarbeider om opplæring for lærlingar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen eller lærekandidaten og opplæringskontoret.

Ein opplæringsring består av to eller fleire bedrifter som samarbeider om opplæring av lærlingar og/eller lærekandidatar. Lærekontrakt eller opplæringskontrakt blir da teikna mellom lærlingen eller lærekandidaten og den bedrifta som skal ha hovudansvaret for opplæringa.

§ 11-3.Rapportering frå lærebedrifta

Lærebedrifta pliktar å gi den informasjon som fylkeskommunen krev for å kunne vurdere om godkjenning skal givast eller vidareførast, og for å kunne fastsetje og utbetale tilskott.

Lærebedrifta skal medverke til å etablere administrative system og å innhente statistiske og andre opplysningar som trengst for å vurdere tilstanden og utviklinga innanfor opplæringa.

§ 11-4.Fylkeskommunalt tilskott til lærebedrift

Fylkeskommunen der lærlingen eller lærekandidaten er busett, skal betale tilskott for opplæring til lærebedrift, opplæringsring og opplæringskontor etter retningslinjer og satsar fastsette av departementet. Betalingsplikta gjeld godkjend lærekontrakt for lærlingar og opplæringskontrakt for lærekandidatar.

Fylkeskommunen der lærebedrifta er lokalisert, kan krevje refusjon av utgifter som er direkte relaterte til lærlingen eller lærekandidaten frå fylkeskommunen der lærlingen eller lærekandidaten er busett.

Dersom ein lærling eller lærekandidat skifter lærebedrift, skal den fylkeskommunen som utbetaler tilskott, gjere vedtak om fordelinga av dei forskjellige tilskotta mellom lærebedriftene.

Har fylkeskommunen gitt lærlingen eller lærekandidaten delar av den opplæringa som etter læreplanen skal givast i læretida, skal lærebedrifta ikkje ha basistilskott for denne delen av opplæringa.

§ 11-5.Tap av godkjenning

Fylkeskommunen kan dra godkjenninga som lærebedrift attende dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava i opplæringslova eller denne forskrifta. Lærebedrifta må ha ny godkjenning dersom det er gått meir enn to år frå siste avslutta lærekontrakt eller opplæringskontrakt. 

Noverande overskrift framanfor § 11-7 skal flyttast til framanfor § 11-6 og skal lyde:

Lærekontrakt og opplæringskontrakt 

§ 11-6 skal lyde:

§ 11-6.Innhaldet i og forma på kontraktane

Ved teikning av lærekontrakt og opplæringskontrakt skal det nyttast skjema fastsett av departementet. 

Ny overskrift framanfor § 11-7 skal lyde:

Unntak frå opplæringsordninga 

§ 11-7 skal lyde:

§ 11-7.Unntak frå opplæringsordninga for den enkelte lærlingen eller lærekandidaten

Fylkeskommunen kan samtykkje i at det blir fastsett unntak frå dei vanlege kontraktsvilkåra for personar som har avgrensa arbeidsevne på grunn av fysiske og/eller psykiske funksjonshemmingar. For lærlingar kan det ikkje fastsetjast unntak frå reglane i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Lærlingar eller lærekandidatar som har teikna lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter reglane i første ledd eller etter opplæringslova § 3-3 fjerde ledd, kan få godskrive eventuell tidlegare skole eller praksis etter § 11-8 flg.

Lærekontrakt med full opplæring i bedrift kan ikkje godkjennast for ein som fyller kravet til praksis for å framstille seg til prøve med heimel i opplæringslova § 3-5. 

Overskrifta framanfor noverande § 11-8 skal lyde:

Godskriving av tidlegare gjennomgått opplæring og praksis 

§ 11-8 og § 11-9 skal lyde:

§ 11-8.Generelt om godskriving

§ 11-9 til § 11-15 gir reglar om kva som kan godskrivast som gjennomgått opplæring eller praksistid

a)for praksiskandidatar, jf. opplæringslova § 3-5, eller
b)ved godkjenning av lærekontrakt eller opplæringskontrakt med unntak frå opplæringsordninga i faget, jf. opplæringslova § 3-3 fjerde ledd.

Fylkeskommunen vurderer den framlagde dokumentasjonen og gjer vedtak i samsvar med § 11-9 flg.

§ 11-9.Fellesfag

Praksiskandidatar er fritekne i fellesfaga for å få utferda fag- eller sveinebrev, jf. § 4-62 femte ledd. 

Noverande § 11-15 til § 11-19 blir § 11-10 til § 11-14. 

§ 11-15 skal lyde:

§ 11-15.Dispensasjon frå godskrivingsreglane

I særlege tilfeller og ved særlege fagkombinasjonar der godskrivingsreglane ut frå ei fagleg vurdering vil gi eit urimeleg resultat, kan fylkeskommunen fråvike frå forskrifta § 11-10 til § 11-14. 

Noverande § 11-16 til § 11-20 skal opphevast. 

§ 14-2 skal lyde:

§ 14-2.Krav for tilsetjing i grunnskolen

a) Tilsetjing i undervisningsstilling på barnetrinnet i grunnskolen

1) Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 1.- 4. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:
-Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, og minst 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på barnetrinnet
-Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
-Allmennlærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan
-Faglærarutdanning i praktiske og/eller estetiske fag, jf. nasjonale rammeplanar, eller tilsvarande kompetanse i desse faga. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
-3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjent plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
2) Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 5.- 7. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:
-Allmennlærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan
-Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
-Yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
-Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
-Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarende minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.
-3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjent plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.

b) Tilsetjing i undervisningsstilling på ungdomstrinnet i grunnskolen

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling på 8.- 10. årstrinn, må fylle eitt av desse krava:

-Allmennlærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for tilsetjingsfaget
-Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
-Yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning
-Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. Ved tilsetjing for undervisning i faga norsk, matematikk eller engelsk må vedkommande likevel ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning for faget
-Førskolelærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg
-3-årig faglærarutdanning for tospråklege, jf. godkjent plan. Tilsetjing kan skje for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 30 studiepoeng relevant utdanning. 

§ 14-3 første ledd første kolon skal lyde:

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i studieførebuande fag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava: 

§ 14-8 skal lyde:

§ 14-8.Tidlegare godkjend utdanning og overgangsordningar

Alle som har utdanning som lærar etter tidlegare reglar, eller som har fått dispensasjon frå tidlegare lærarutdanningskrav, vil framleis ha gyldig kompetanse for å bli tilsett i undervisningsstilling.

Studentar som har starta førskolelærarutdanning seinast hausten 2007 vil ved fullføring av si førskulelærarutdanning ha gyldig kompetanse for å bli tilsett på 1. årstrinn i grunnskolen utan å ha slik vidareutdanning som er krevd i § 14-2, a).

Studentar som har starta allmennlærarutdanning seinast hausten 2006 vil ved fullføring av si allmennlærarutdanning ha gyldig kompetanse for å bli tilsett i faga norsk, matematikk eller engelsk på ungdomstrinnet utan å ha minst 60 studiepoeng relevant utdanning i tilsetjingsfaget, jf. § 14-2, b). 

§ 24-7 fjerde ledd skal lyde:

Siste sentralt gitte teoriprøve for praksiskandidatar med læreplanar for Reform 94 skal vere våren 2009.

II

Endringane i kap. 2, 4, 5, 6, 11 og 24 trer i kraft 5. mars 2008. Endringane i kap. 14 trer i kraft 1. august 2008.