Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4. Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

V. Eksamen

§ 4-14.Om eksamen

Ein eksamenskarakter skal vere uttrykk for den kompetansen kvar enkelt deltakar eller privatist viser på eksamen. Eksamen skal vere i samsvar med kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3. Eksamen skal gi deltakaren eller privatisten høve til å vise sin kompetanse i så stor del av faget som mogleg ut frå eksamensforma.

Om det skal vere eksamen i faget, når i opplæringsløpet det skal vere eksamen, om det skal vere førebuingstid i faget og om eksamen skal vere sentralt eller lokalt gitt er fastsett i læreplanen i kvart fag i vidaregåande opplæring. Departementet fastset kor mange eksamenar det skal vere i grunnskolen for både deltakarar og privatistar, og kor mange eksamenar det skal vere på kvart årstrinn i vidaregåande opplæring.

Statsforvaltaren kan i særlege tilfelle og etter søknad gi kommunen høve til å arrangere lokalt gitt eksamen for privatistar på andre tider av året enn ordinær eksamen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

§ 4-15.Ansvar

For sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget.

For lokalt gitt eksamen har skoleeigar har ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato og for sensur, om ikkje anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglærar skal utarbeide forslag til oppgåver.

Skoleeigar har ansvar for å gjennomføre alle eksamenar for deltakarar og privatistar, og for å trekkje deltakarar til eksamen. Skoleeigar har ansvar for gi deltakarar informasjon om eksamen og kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei har òg ansvar for at privatistar i grunnskolen får tilgang til slik informasjon.

Dei som er ansvarleg for å utarbeide eksamen avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart enkelt fag.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 9 nov 2021 nr. 3172.

§ 4-16.Melding til eksamen

Utdanningsdirektoratet fastset meldingsfristar og korleis melding til eksamen skal gå føre seg.

Skoleeigar melder til eksamen alle deltakarar som tek del i opplæringa i fag som blir avslutta med eksamen. Deltakarar i vidaregåande opplæring må sjølve melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen til skoleeigar.

Privatistar i grunnskolen har sjølve ansvaret for å melde seg til eksamen til den skolen eller den instansen som kommunen fastset. Privatisten kan ikkje vere deltakar i faget ved tidspunktet for oppmelding. Ein privatist kan berre melde seg til eksamen i det same faget éin stad. Skolen eller instansen som fylkeskommunen peikar ut, avgjer om meldinga kan godkjennast. Privatistar må betale ein prøveavgift etter fastsette satsar. Dei må ikkje betale for utsett og ny eksamen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-17.Eksamensformer og varigheit

Eksamensforma er fastsett i læreplanane.

Eksamen kan vere skriftleg, munnleg, praktisk, eller ein kombinasjon av desse. Utdanningsdirektoratet fastset tidsramma for dei ulike eksamensformene.

Skriftleg eksamen skal starte kl. 9 norsk tid. Deltakarar som møter før kl. 10, skal få gjennomføre eksamen, men får ikkje kompensert tapt tid. Dei som møter etter kl. 10, får ikkje gjennomføre eksamen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-18.Trekk til eksamen

Om deltakarar i vidaregåande opplæring skal trekkast til eksamen, eller om alle skal ha eksamen i faget, er fastsett i læreplanen. Utdanningsdirektoratet fastset om deltakarar eller privatistar i grunnskolen skal trekkjast til eksamen.

Trekket skal vere kjent for deltakarane 48 timar før sjølve eksamen. Eksamen og eventuell førebuing skal skje på verkedagar.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-19.Førebuingsdel

Førebuingsdelen er ein del av opplæringa, og skal førebu delkaren eller privatisten på utfordringar dei kan møte på eksamen i faget. Det er kompetansen deltakaren eller privatisten viser på eksamensdagen som skal vurderast.

Det skal vere fastsett i læreplanen at alle munnlege og munnleg-praktiske eksamenar for deltakarar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen skal vare i 24 timar.

Det skal vere fastsett i læreplanen om andre eksamenar skal ha førebuingsdel. Førebuingsdelen kan vare i frå 24 timar inntil 48 timar. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen fastsett kor lang førebuingsdelen skal vere. Kommunen avgjer om privatistar i grunnskolen skal ha førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen, og kor lenge denne skal vare.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-20.Sensur

Alle prøvesvar skal vurderast av to sensorar.

Ved sentralt gitte eksamenar skal begge sensorane vere eksterne. Ved usemje avgjer ein oppmann.

Ved lokalt gitte eksamenar skal minst ein sensor vere ekstern. Faglærar skal vere sensor om skoleeigar ønskjer det. Ved usemje avgjer den eksterne sensoren. Ein av sensorane skal vere eksaminator om eksamen krev det.

Sensorar skal ha tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-21.Særskild tilrettelegging

Deltakarar og privatistar med behov for særskild tilrettelegging skal kunne få lagt forholda til rette slik at dei kan få vist kompetansen sin ut frå kompetansemåla i fag. Tiltaka må vere tilpassa behova til deltakaren og privatisten så langt råd er.

Tiltaka må ikkje føre til at deltakar eller privatist får fordelar framfor andre som ikkje får tilrettelegging ved eksamen. Tilrettelegginga må heller ikkje vere så omfattande at deltakaren eller privatisten ikkje blir prøvd i kompetansemåla i fag. Der det i kompetansemåla er kravd skriftlege, munnlege eller praktiske ferdigheiter, er det ikkje høve til å leggje til rette eksamen slik at desse ferdigheitene ikkje blir prøvde, når slik prøving er fastsett i eksamensforma for faget.

Skoleeigar avgjer etter søknad kva for ordningar som skal nyttast for deltakarer. Avgjerda til skoleeigar er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Skoleeigar kan krevje uttale frå ein sakkunnig instans. Særskild tilrettelegging av eksamen krev ikkje vedtak om spesialundervisning.

Privatistar i grunnskolen må leggje fram ein sakkunnig uttale. Kommunen avgjer kva slags ordningar for tilrettelegging som skal nyttast. Avgjerda til kommunen er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

§ 4-22.Særskild eksamen for deltakarar i vidaregåande opplæring

Ein deltakar som får karakteren 1 i standpunktkarakter i eit fag, har rett til særskild eksamen i faget dersom han eller ho ikkje er trekt ut til eksamen i faget. Det gjeld òg for fag der det ikkje blir halde eksamen ordinært.

Særskild eksamen blir normalt halden samtidig med utsett og ny eksamen.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-23.Ny eksamen for deltakarar i vidaregåande opplæring

Ein deltakar som får karakteren 1 ved ordinær eksamen, har rett til ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld då standpunktkarakteren i faget.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-24.Utsett eksamen

Ein deltakar som har dokumentert fråvær ved eksamen, har rett til å framstille seg til første etterfølgjande eksamen. Deltakaren beheld standpunktkarakteren i faget.

Deltakaren må leggje fram dokumentasjon på at han eller ho var hindra frå å møte til eksamen, at hindringa var uføreseieleg og at han eller ho ikkje kan lastast for hindringa.

Dersom deltakaren ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må han eller ho ta faget som privatist, og eventuell standpunktvurdering i faget fell bort.

Dersom ein deltakar har rett til utsett eksamen i trekkfag, skal trekkinga av fag gjerast på ny.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-25.Bortvising frå eksamen

Deltakarar og privatistar skal ikkje hindre eller forstyrre gjennomføringa av eksamenen. Dersom åtferda til ein elev eller ein privatist er i strid med denne føresegna, kan deltakaren eller privatisten, etter å ha blitt åtvara, visast bort. Bortvising skal avgjerast av skoleeigar og er eit enkeltvedtak som kan påklagast til statsforvaltaren. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før skoleeigar eventuelt fattar enkeltvedtaket om bortvising.

Dersom ein deltakar i vidaregåande opplæring får medhald i klagen, har han eller ho rett til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).

§ 4-26.Annullering av eksamen

Dersom det er gjort formelle feil ved avviklinga av eksamen, eller dersom eksamen av andre årsaker ikkje er avvikla i samsvar med føresegnene, kan Utdanningsdirektoratet annullere eksamen.

Deltakarar i vidaregåande opplæring som har fått eksamenen sin annullert av Utdanningsdirektoratet, har rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen. Utdanningsdirektoratet kan òg gi dispensasjon frå krava til vitnemål i § 4-31 dersom omsynet til deltakarane tilseier det.

Dersom ein deltakar har vore oppe til eksamen i eit fag der han eller ho ikkje får standpunktkarakter, blir eksamen annullert.

Eksamen i eit fag kan annullerast dersom deltakaren eller privatisten har juksa eller forsøkt å jukse ved eksamen. Dette gjeld også dersom det er sensorane som oppdagar juks eller forsøk på juks. Spørsmålet om annullering av eksamen i faget skal avgjerast av skoleeigar. Deltakaren eller privatisten skal ha høve til å uttale seg munnleg før skoleeigar fattar enkeltvedtak om annullering av eksamen. Deltakaren eller privatisten har likevel rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Enkeltvedtak om annullering av eksamen kan påklagast til statsforvaltaren.

For deltakarar som får eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren bort.

Dersom eksamen i vidaregåande opplæring blir annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan kandidaten gå opp til eksamen i faget som privatist, tidlegast eitt år etter den annullerte eksamenen.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra), 18 mai 2021 nr. 1550 (i kraft 1 juni 2021).