Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

II. Undervegsvurdering

§ 3-10.Undervegsvurdering i fag

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa, er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

I undervegsvurderinga i fag skal elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar

a.delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
b.forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
c.få vite kva dei meistrar
d.få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om eleven har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 5-1. Lærekandidatar og elevar med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 5-5 første ledd.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-11.Undervegsvurdering i orden og i åtferd

Undervegsvurdering i orden og i åtferd skal givast jamleg og brukast til å fremje sosial læring ved at elevar

a.reflekterer over eigen orden og eiga åtferd og korleis dei kan utvikle seg
b.får vite korleis deira orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet
c.får rettleiing om korleis dei eventuelt kan forbetre sin orden og si åtferd.
0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-12.Halvårsvurdering i fag

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen eleven har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for elevar. Instruktøren skal gjennomføre halvårsvurderinga for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-13.Halvårsvurdering i orden og i åtferd

Halvårsvurdering i orden og i åtferd er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise korleis elevane sin orden og åtferd er vurdert opp mot ordensreglementet og gi rettleiing om korleis elevane eventuelt kan forbetre seg. Elevane skal få halvårsvurdering utan karakter i orden og i åtferd gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal elevar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret dersom eleven ikkje avsluttar opplæringa i skole.

Kontaktlæraren skal gi halvårsvurdering i orden og i åtferd i samarbeid med dei andre lærarane til eleven.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).