Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

VI. Dokumentasjon

Særskilt om retten til dokumentasjon av vidaregåande opplæring

§ 3-39.Vitnemål i vidaregåande opplæring

Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp. Elevar som har samisk i fagkrinsen, skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet i samsvar med læreplanverket, vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1.

Vitnemål for elevar skal skrivast ut av skolen der eleven fullfører og består opplæringa. Nytt vitnemål skal skrivast ut av den skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet. For privatistar som tidlegare har fått vitnemål som elev, skal skolen som skreiv ut det opphavlege vitnemålet, også skrive ut det nye vitnemålet til privatisten. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut vitnemål til lærlingar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål. For privatistar som ikkje tidlegare har oppfylt krava til vitnemål, er det den fylkeskommunen der privatisten sist fekk standpunktkarakter i eit fag, som skal skrive ut vitnemålet. Viss ein privatist ikkje tidlegare har fått ein standpunktkarakter i vidaregåande opplæring, eller sist fekk standpunktkarakter i eit fag i ein skole godkjend etter friskolelova, skal den fylkeskommunen der vedkommande er busett, skrive ut vitnemålet.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).
§ 3-40.Førstegongsvitnemål

Førstegongsvitnemål, jf. § 7-2 i forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning, blir gitt til den som ved utløpet av normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket, har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse. Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen etter § 3-30, utsett eksamen etter § 3-32 og ny eksamen etter § 3-33 eller § 3-34 på førstegongsvitnemålet.

Førstegongsvitnemål kan berre skrivast ut éin gong til den personen det gjeld. Det gjeld likevel ikkje dersom vedkommande får endra karakter(ar) på grunnlag av klage.

Elevane kan få ført på førstegongsvitnemålet karakterar som er forbetra innan utløpet av normal tid. Det er mogleg å få ført på karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, og som er oppnådde innan utløpet av normal tid.

Kravet om gjennomført vidaregåande opplæring på normal tid kan etter søknad bli utvida til maksimalt fem år. Dette gjeld dersom eleven har fått innvilga søknad om omval etter opplæringslova § 3-1 fjerde ledd, eller har fått rett til ekstra opplæringstid etter opplæringslova § 3-1 femte ledd. Dette gjeld òg dersom det blir lagt fram skriftleg dokumentasjon på at eleven har vore fråverande frå opplæringa ein lengre periode i løpet av eit opplæringsår på grunn av

a.internasjonal utveksling som medfører tap av opplæringstid
b.folkehøgskole, verneplikt eller omsorgsarbeid som er utført i minst seks månader av opplæringsåret
c.langvarig sjukdom.

Føresegna gjeld òg for elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring etter læreplanverket over fire år i ein kombinasjon av ordinær treårig vidaregåande opplæring og idrettsutøving.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).
§ 3-41.Fag-/sveinebrev og praksisbrev

Fag- eller sveinebrev blir gitt som dokumentasjon for bestått fag- eller sveineprøve. Praksisbrev blir gitt som dokumentasjon for bestått praksisbrevprøve.

For å få fag- eller sveinebrev eller praksisbrev må normalt alle relevante fag og eksamenar vere bestått, med mindre det kan gjerast unntak frå dette kravet med heimel i § 1-11 til § 1-13, § 3-17 til § 3-20, § 3-42 og § 23-1. Praksiskandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb må ikkje ha fellesfag for å få skrive ut fag- eller sveinebrev.

Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut fag- og sveinebrev og praksisbrev. Når det blir teikna lærekontrakt, skal fylkeskommunen gjere bedrifta merksam på unntaka nemnde over.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).
§ 3-42.Unntak ved yrkesfaglege utdanningsprogram

Etter søknad kan fylkeskommunen gi samtykke til at elevar og lærlingar i yrkesfaglege utdanningsprogram som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått karakter i inntil to fellesfag, likevel får vitnemål og fag- eller sveinebrev. Tilsvarande gjeld praksisbrev for praksisbrevkandidatar som ikkje har bestått i eit fellesfag. Dette gjeld berre om det ligg føre ei ny sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som viser at eleven har store lærevanskar i faget/faga.

Det kan ikkje bli gitt førehandstilsegn om unntak. Vedtak kan tidlegast gjerast i samband med overgangen frå Vg2 til Vg3.

Rektor avgjer søknadene frå elevar og lærlingar i fag som gir vitnemål med yrkeskompetanse. Det kan ikkje bli gitt unntak for vitnemål som gir generell studiekompetanse.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).
§ 3-43.Kompetansebevis

Kompetansebevis blir skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål eller fag- og sveinebrev ikkje er oppfylte.

Kompetansebeviset skal vise kva for standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådde. I fellesfag der det ikkje skal setjast standpunktkarakter på lågare nivå, jf. læreplanverket, skal halvårsvurderinga med karakter som eleven får ved avslutninga av opplæringsåret, førast på kompetansebeviset. Dette gjeld dersom eleven ikkje fullfører faget på nivået der læreplanverket fastset at standpunktkarakter skal givast. Det skal då førast ein merknad om at karakteren som førast er halvårsvurderinga med karakter. Kompetansebevis blir også skrive ut som dokumentasjon på gjennomgått opplæring i dei tilfella der eleven berre har fått opplæring i delar av eit fag.

For elevar skal kompetansebevis skrivast ut av skolen/skolane der eleven har oppnådd standpunkt- og eksamenskarakterar. Fylkeskommunen er ansvarleg for å skrive ut kompetansebevis for lærlingar, lærekandidatar og privatistar.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).
§ 3-44.Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis

For elevar skal berre standpunktkarakterar og eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Det er fastsett i læreplanverket når standpunktkarakter skal fastsetjast. Halvårsvurdering med karakter i fellesfag på lågare nivå skal ikkje førast på vitnemålet.

I dei programfaga som har fleire nivå, skal alle standpunktkarakterar som er oppnådde på kvart nivå, førast på dokumentasjonen.

I fag der det i læreplanverket er fastsett at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, skal eksamenskarakteren/eksamenskarakterane på høgaste nivå førast.

Det er mogleg å få ført på vitnemålet karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse.

For elevar i vidaregåande opplæring som har fått sluttvurdering i eit fag som elev meir enn éin gong, jf. § 3-14, skal den siste karakteren som er 2 eller betre, førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. For privatistar skal berre eksamenskarakterar førast på vitnemålet. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i faget fell bort når privatisten får eksamenskarakteren ført på vitnemålet.

Elevar i vidaregåande opplæring med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurdert etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 9 april 2024 nr. 605.
§ 3-45.Føring av fråvær i vidaregåande opplæring

Alt fråvær skal førast på vitnemålet og kompetansebeviset. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Rektor kan avgjere om fråvær for den som er deltidselev, skal førast i dagar og timar eller berre i timar. For elevar som skal ha kompetansebevis, skal fråvær førast på kompetansebeviset.

Eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet eller kompetansebeviset, dersom han eller ho legg fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast:

a.helse- og velferdsgrunnar
b.arbeid som tillitsvald
c.politisk arbeid
d.hjelpearbeid
e.lovpålagt oppmøte
f.representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

Organisert studiearbeid og skoleadministrative gjeremål etter avtale med faglæraren eller rektor, skal ikkje reknast som fråvær.

Innanfor ramma av 10 skoledagar kan elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja, krevje at inntil to dagar fråvær som er knytt opp mot ei religiøs høgtid, ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).