Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4. Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

III. Sluttvurdering

§ 4-9.Sluttvurdering i fag

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til deltakaren ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle deltakarar, også deltakarar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 4-3.

Sluttvurderingar i grunnskoleopplæringa for vaksne er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjent etter realkompetansevurdering.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring for vaksne er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjent etter realkompetansevurdering.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjon, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein deltakar har ein bestått sluttvurdering i eit fag skal denne følgje deltakaren fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli deltakar i faget på nytt. Deltakarar som har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som deltakar.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-10.Standpunktkarakterar i fag

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen deltakaren har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Deltakaren skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. Deltakaren skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse som deltakaren har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal deltakaren først vere varsla, jf. § 4-5.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-11.Realkompetansevurdering som sluttvurdering

Det er mogleg å nytte realkompetansevurdering som sluttvurdering i fag.

På Vg3 yrkesfaglege utdanningsprogram som skal avsluttast med fag- eller sveineprøve, kan ikkje realkompetansevurdering nyttast som sluttvurdering. Der kan realkompetansevurdering berre nyttast for å avklare kva slags opplæring den vaksne har behov for, jf. § 6-46 og § 6-47.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).