Forskrift til opplæringslova

Kapittel 4. Individuell vurdering i grunnopplæring særskild organisert for vaksne

II. Undervegsvurdering

§ 4-7.Undervegsvurdering i fag

All vurdering som skjer før avslutninga av opplæringa er undervegsvurdering. Undervegsvurdering i fag skal vere ein integrert del av opplæringa, og skal brukast til å fremje læring, tilpasse opplæringa og auke kompetansen i fag. Undervegsvurderinga kan vere både munnleg og skriftleg.

I undervegsvurdering i fag skal deltakarar

a.delta i vurderinga av eige arbeid og reflektere over eiga læring og faglege utvikling
b.forstå kva dei skal lære og kva som blir venta av dei
c.få vite kva dei meistrar
d.få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin.

Deltakarar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga.

Undervegsvurderinga skal nyttast til å vurdere om deltakarar i grunnskolen har tilfredsstillande utbytte av opplæringa, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-4. Deltakarar i grunnskolen med individuell opplæringsplan skal ha undervegsvurdering i samsvar med den opplæringsplanen som er utarbeidd for dei, jf. opplæringslova § 4A-2 og § 5-5 første ledd.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).

§ 4-8.Halvårsvurdering i fag

Halvårsvurdering i fag er ein del av undervegsvurderinga. Den skal vise kompetansen deltakaren har i faget, og gi rettleiing om korleis han eller ho kan auke kompetansen sin. Deltakarar skal få halvårsvurdering utan karakter gjennom heile opplæringsløpet.

Frå 8. årstrinn skal deltakarar i tillegg ha halvårsvurdering med karakter. Halvårsvurdering med karakter skal vere skriftleg og gi uttrykk for den kompetansen deltakaren har nådd ut frå det som er forventa på tidspunktet for vurderinga. Vurderinga skal givast midt i opplæringsperioden, og ved slutten av opplæringsåret for fag som ikkje blir avslutta. Dersom opplæringa på det enkelte trinnet varer mindre enn eit semester, skal det ikkje givast halvårsvurdering. I fag med fleire standpunktkarakterar gir læreplanane informasjon om talet på karakterar i halvårsvurderinga.

Faglærar gjennomfører halvårsvurderinga for deltakarar.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 4 endra).