Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

IV. Fritak frå vurdering med karakter

§ 3-17.Fritak frå vurdering med karakter for elevar med individuell opplæringsplan

Elevar i grunnskolen som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får opplæring etter individuell opplæringsplan i faget, skal få fritak frå vurdering med karakter etter avgjerd frå foreldra. I fag med både skriftleg og munnleg karakter vel foreldra om eleven skal ha både skriftleg og munnleg karakter. Om foreldra vel karakter i norsk skriftleg, kan dei også velje om eleven skal få karakter i eitt av skriftspråka eller i både bokmål og nynorsk.

Elevar i vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om spesialundervisning og får individuell opplæringsplan i eit fag har ikkje rett til fritak frå vurdering med karakter i andre fag enn i skriftleg sidemål. Foreldra eller eleven avgjer om dei vil ha fritak frå vurdering i skriftleg sidemål.

Skoleeigar skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal ha undervegsvurdering utan karakter etter måla i den individuelle opplæringsplanen der planen avvikar frå læreplanen i faget.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.

§ 3-18.Fritak frå vurdering med karakter for elevar i innføringstilbod m.m.

Minoritetsspråklege elevar i grunnskolen som begynner opplæringa i Noreg i siste halvdel av eit opplæringsår, skal få fritak frå vurdering med karakter i alle fag dette opplæringsåret om foreldra ber om det.

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring som har enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter opplæringslova § 2-8 og § 3-12, og som får opplæringa i eit innføringstilbod, skal få fritak frå vurdering med karakter i heile perioden han eller ho er i innføringstilbodet dersom foreldra ber om det. Elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje bli fritekne frå standpunktkarakter.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Skoleeigar skal syte for at eleven og foreldra får nødvendig rettleiing om kva valet av fritak frå vurdering inneber.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-19.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Elevar og privatistar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei

a.har problem med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller
b.ikkje har gått i norsk grunnskole på ungdomstrinnet, eller
c.i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller
d.i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått i internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter, skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skoleeigar skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen eller skoleeigaren som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.

0Endra ved forskrifter 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra), 14 nov 2022 nr. 1959.

§ 3-20.Fritak frå vurdering med karakter i kroppsøving

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan søkje rektor om fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får, ikkje kan vurderast med karakter.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-21.Fritak frå eksamen

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget.

I grunnskolen kan rektor sjølv etter søknad frå foreldra frita elevar frå eksamen, når det ligg føre tungtvegande grunnar.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).