Forskrift til opplæringslova

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

III. Sluttvurdering

§ 3-14.Sluttvurdering

Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til eleven, lærlingen, lærekandidaten eller praksisbrevkandidaten ved avslutninga av opplæringa i fag. Alle elevar, også elevar med individuell opplæringsplan, skal vurderast etter kompetansemåla i læreplanen, jf. § 3-3.

Sluttvurderingar i grunnskolen er standpunktkarakterar og eksamenskarakterar.

Sluttvurderingar i vidaregåande opplæring er standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og karakterar til fag-/sveineprøve, praksisbrevprøve og kompetanseprøve.

Sluttvurderingar skal førast på dokumentasjonen, jf. § 3-35, og er eit enkeltvedtak som det kan klagast på etter reglane i kapittel 5.

Når ein elev har ein bestått sluttvurdering i eit fag, skal denne følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Han eller ho kan då ikkje bli elev i faget på nytt. Elevar som har fått innvilga omval eller har fått sluttvurdering i eit fag frå vidaregåande opplæring på ungdomstrinnet, jf. § 1-15, kan velje om faget skal godkjennast etter § 1-16 eller om han eller ho vil ta faget på nytt som elev.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-15.Standpunktkarakterar i fag

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i faget ved avslutninga av opplæringa.

Eleven skal vere kjend med kva det blir lagt vekt på i fastsetjinga av hennar eller hans standpunktkarakter. Eleven skal ha fått høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Kompetanse som eleven har vist i løpet av opplæringa, er ein del av vurderinga når standpunktkarakteren skal fastsetjast.

Standpunktkarakterar i fag med sentralt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før fellessensurmøtet.

Standpunktkarakterar i fag med lokalt gitt eksamen skal fastsetjast seinast dagen før skolen gjennomfører den første eksamenen i faget på det aktuelle trinnet innanfor utdanningsprogrammet.

Faglæraren set standpunktkarakter. Dersom rektor er i tvil om reglane for fastsetjing av standpunktkarakter er følgde, kan rektor krevje at faglærar gjer ei ny fagleg vurdering før karakterane blir fastsette og førte.

Rektor har ansvaret for at det blir gjort enkeltvedtak om ikkje å gi standpunktkarakter i fag. For å gjere enkeltvedtak om å ikkje gi karakter, skal eleven først vere varsla, jf. § 3-8.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).

§ 3-16.Standpunktkarakterar i orden og i åtferd

Ein standpunktkarakter skal vere uttrykk for elevane sin orden eller åtferd etter opplæringa er avslutta. Det skal givast ein standpunktkarakter i orden og ein standpunktkarakter i åtferd på 10. trinn, og ved avslutninga av opplæringa i vidaregåande skole.

Rektor har ansvaret for at standpunktkarakterar i orden og i åtferd blir fastsette etter drøfting med kontaktlærar og dei andre lærarane til eleven.

0Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).