Verktøylinje
Trykk Escape for å lukke innholdsfortegnelse
- Dyrevernlova - dyrevl.
-
Kapittel I. – Ålmenne føresegner. (§§ 1 - 10)
- § 1. Kva dyr lova gjeld.
- § 2. Ålment om åtferd med dyr.
- § 3. Inspeksjon
- § 4. Tilhaldsrom.
- § 5. Avl
- § 5 a. Tilsyn og stell
- § 6. Hjelp.
- § 7. Medisinsk og kirurgisk behandling.
- § 8. Forbod mot visse måtar å fara fram mot dyr på.
- § 9. Avliving.
- § 10. Avliving i naudtilfelle.
Ditt søk ga dessverre ingen treff.
Opphevet
Opphevet
Del dokument
Lov om dyrevern.
Loven er opphevet ved lov 19 juni 2009 nr. 97 (i kraft 1 jan 2010 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 703). Jfr. tidlegare lover 21 juni 1929 nr. 7 og 7 juni 1935 nr. 13. Jfr. EØS-avtalen vedlegg I kapittel 9 nr. 6 (dir 98/58).
Kapittel I. – Ålmenne føresegner.
§ 1.Kva dyr lova gjeld.
Denne lova gjeld levande pattedyr, fuglar, padder, frosk, salamander, krypdyr, fisk og krepsdyr.
§ 2.Ålment om åtferd med dyr.
Det skal farast vel med dyr og takast omsyn til instinkt og naturleg trong hjå dyret så det ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål.
§ 3.Inspeksjon
Mattilsynet,1 medlem av dyrevernnemnd2 og politiet3 kan til kvar tid inspisera dyr som kjem inn under lova4 og dei stadar og rom o.l. der slike dyr held til.5 Utanlandske inspektørar kan delta i inspeksjonar mv. når det er naudsynt for å ivareta Noregs internasjonale forpliktelser.
§ 4.1Tilhaldsrom.
Den som eig eller har i si varetekt husdyr, selskapsdyr eller dyr som er haldne i fangenskap på annan måte skal syta for at dyret har fullt tenleg tilhaldsrom der det er stor nok plass, høveleg varmt, nok lys og tilgang på frisk luft m.v., alt etter trongen hjå det einskilde dyreslaget.
Når verlaget tillet det, kan departementet2 for visse dyreslag gjere unntak frå plikta til å ha tilhaldsrom.
§ 5.Avl
Det er forbode1 å endra dyra sine arveanlegg ved bruk av genteknologiske metodar eller ved tradisjonelt avlsarbeid dersom
Det er forbode1 å avle dyr som har vorte slik som nevnt i fyrste ledd.2
§ 5 a.Tilsyn og stell
Den som eig eller har i si varetekt husdyr, selskapsdyr eller dyr som er haldne i fangenskap på annan måte, herunder tamrein, eller som har tilsyn med slike dyr for eigar eller innehavar, skal1 syta for at:
§ 6.Hjelp.
Råkar nokon på eit dyr som synleg er sjukt, skadd eller hjelpelaust, skal1 han hjelpa det så langt råd er. Let det seg ikkje gjera å gjeva hjelp eller god nok hjelp og dyret er eit husdyr, tamrein eller storvilt, skal1 han snarast råd er seia frå til dyret sin eigar eller innehavar eller til næraste politi.
Når det er klårt at dyret ikkje kan leva eller verta godt att, kan kvar den som råkar på det, taka livet av dyret med det same i samsvar med reglane i § 10, såframt det trengst for å spara det for meir liding. Den som tek livet av husdyr, tamrein eller storvilt, skal1 snarast råd er melda frå til næraste politi. Husdyr, tamrein og storvilt må ikkje1 avlivast etter denne føresegna dersom det let seg gjera å få tak i eigar eller innehavar, veterinær eller politi innan rimeleg tid.
Utgiftene med tiltak etter denne paragrafen skal staten betala, men pengane kan krevjast att hjå eigaren eller innehavaren.
§ 7.Medisinsk og kirurgisk behandling.
Ingen annan1 enn veterinær2 kan gjera kirurgisk inngrep eller setja i verk medisinsk behandling av dyr når det er grunn til å tru at inngrepet eller behandlinga kan føre til liding for dyret. Er det grunn til å tru at inngrepet eller behandlinga kjem til å gjera dyret mykje vondt, skal veterinæren nytta heil eller lokal svæving3 om ikkje medisinske grunnar er til hinder. Når det gjeld akvatiske dyr, med unntak av sjøpattedyr, har og fiskehelsebiologar høve til å setja i verk tilsvarande behandling, jf. lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell § 18.
§ 8.1Forbod mot visse måtar å fara fram mot dyr på.
Det er forbode:2
§ 9.1Avliving.
Avliving av dyr skal2 gjerast på slik måte at dyret ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål.
Ved avliving av hest, storfe, småfe, gris, fjørfe, kanin eller tamrein skal2 dyret svævast før blodet vert tappa. Avliving av slike dyr må berre2 gjerast av person som er over 16 år og kunnig i slikt. Så langt råd er må2 avlivinga gjerast ute av syne for andre dyr.
Dyr må ikkje2 flåast, skåldast eller ribbast før dei er daude. Dette gjeld likevel ikkje krepsdyr.
Føresegnene i fyrste og tredje leden gjeld òg under jakt og fangst.
§ 10.Avliving i naudtilfelle.
Når eit dyr må avlivast straks fordi det er sjukt, skadd eller hjelpelaust av andre grunnar, skal1 dette gjerast slik at dyret lid så lite som råd er og i best mogeleg samsvar med reglane i § 9. Våpenet som vert nytta, skal1 vera så effektivt at dyret ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål.
Det som er sagt i leden framanfor, gjeld òg ved avliving av husdyr som er vortne så ville at det er rådlaust å fanga dei på vanleg vis.
Kapittel II. – Serlege føresegner om husdyr og tamrein.
§ 11.Forbod mot visse måtar å fara fram mot dyr på.
Det er forbode:1
§ 12.(Oppheva)
§ 13.Forbod mot visse inngrep.
Det er forbode:1
Føresegnene i fyrste leden er ikkje til hinder for at ein veterinær2 gjer slike inngrep når det trengst av veterinærmedisinske grunnar.
Kapittel III. – Serlege føresegner om fisk og krepsdyr.
§ 14.Ymse forbod.
Det er forbode:1
Kapittel IV. – Framsyning av dyr.
§ 15.Forbod mot å syne fram dyr offentleg.
Ingen må1 skipa til offentleg framsyning av andre dyr enn fisk, her medrekna framsyning på offentleg stad til reklame eller pynt. Forbodet gjeld ikkje utstilling av husdyr eller selskapsdyr, tilskipa som lekk i alsarbeidet.
Departementet2 kan på nærare vilkår gjera unntak frå forbodet mot framsyning. Med søknad om løyve til å halda framsyning i dyrepark, fuglehage o.l. skal det fylgja detaljerte planar for heile framsyningsområdet og drifta der, og fullgode opplysningar om det økonomiske grunnlaget for gjennomføringa av planane.
Kapittel V. – Dyrepensjonat, omsetnad og utleige av dyr.
§ 16.Drift av dyrepensjonat.
Ingen må1 driva dyrepensjonat o.l. utan løyve2 frå Mattilsynet.3
Stad der tråv- eller galopphestar vert innsette, vert ikkje rekna for dyrepensjonat.
§ 17.Handel med dyr.
Ingen må1 gjera seg til næring å handla med dyr utan løyve2 frå Mattilsynet.3 Føresegna gjeld ikkje handel som er ein naturleg lekk i vedkomande dyrehald.
§ 18.Utleige av dyr
Ingen må1 gjera seg til næring å leiga ut dyr utan løyve2 frå Mattilsynet.3
§ 19.Tilbakekalling av løyve.
Løyve til å driva verksemd som er nemnd i §§ 16-18, kan kallast tilbake om løyvehavaren vert dømd til straff for brot på denne lova eller føresegner som er gjevne med heimel i lova,1 eller om han vanheld krav som er sette i samband med løyvet. Det same gjeld når løyvehavaren på andre måtar steller seg så at han har mist den tiltru som trengst til å driva verksemd som nemnt.
Kapittel VI. – Bruk av dyr i undervisning og forsking.
§ 20.Bruk av dyr i opplæring.
Det er forbode1 å nytta levande dyr i undervisning utan når dette er ein naudsynt lekk i yrkesutdanninga. Departementet2 kan nekta slik bruk av dyr der det er tvil om bruken er turvande.
Undervisninga må gjennomførast såleis at dyret ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål.
§ 21.Bruk av dyr i forsøksverksemd
Ingen må1 gjera biologiske forsøk med dyr utan særskilt løyve.2 Løyve kan gjevast dersom føremålet er å finne ut kva slags sjukdom dyr eller menneskje lid av eller dersom føremålet er å forebygge eller utrydde sjukdom. Løyve kan og gjevast når føremålet gjeld forskning, undervisning, opplæring, tilverking eller utprøving av medisin, medikament, preparat, gift o.l. til bruk på menneske, dyr eller planter.
Slike forsøk o.a. må1 gjennomførast såleis at dyret ikkje kjem i fåre for å lida meir enn det som er strengt turvande etter føremålet.
Den som har fått løyve etter fyrste leden, kan utan hinder av lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell § 18 nytta heil eller lokal svæving på dei dyr det gjeld.
§ 22.Løyve til forsøksverksemd o.a.
Løyve etter § 21 vert gjeve av eit utval som departementet1 nemner opp for 4 år om gongen.
Kongen2 kan gjeva føresegner3 om korleis utvalet skal vera skipa, om arbeidsoppgåver og arbeidsmåte, og om høve til inspeksjon.
Kongen2 kan i føresegn3 fastsetja at utvalet på avgrensa område kan delegere retten til å gje løyve til biologiske forsøk på dyr til ein person som utvalet har godkjent som ansvarleg for forsøksdyrverksemda i ein bedrift eller institusjon.
Departementet1 er klageinstans når det gjeld klage over utvalet sine vedtak.
Kapittel VII. – Tilsynsmyndigheit, tilsyn og tiltak
§ 23.Tilsynsmyndigheit
Departementet eller den det gjev fullmakt fører tilsyn og fattar enkeltvedtak for gjennomføring av føresegner gitt i eller i medhald av denne lova.
§ 24.Dyrevernnemnder
I kvart av dei lokale områda til Mattilsynet1 skal det vere ei eller fleire dyrevernnemnder. Departementet oppnemner og fastset talet på dyrevernnemnder og gjev dei fullmakt til å gjera vedtak etter § 23.
Departementet gjev reglar om oppnemning, samansetning og kompetansen til nemnda.
§ 25.Gjennomføring av vedtak og inspeksjon
Vert eit pålegg ikkje etterkome, skal tilsynsmyndigheit taka dei åtgjerder som trengst. Pålegg som ikkje vert etterkome, kan gjennomførast av tilsynsmyndigheit for den ansvarlege si rekning.
Politiet skal når tilsynsmyndigheit ber om det, hjelpa til med iverksetting av vedtak og inspeksjonar.
Tiltak som vert sett i verk etter dette kapittel er ikkje til hinder for at det vert reist straffesak etter § 31.
§ 26.Mellombels forvaring
Forutan tilsynsmyndigheit kan politiet, når det er naudsynt, mellombels taka med seg dyr eller på annan måte sjå til at dyret får høveleg tilsyn og stell. Har politiet mellombels teke med seg dyr, fell vedtaket bort om det ikkje vert stadfesta av tilsynsmyndigheit innan 3 dagar. Mellombels forvaring av dyr skal normalt vare høgst 3 veker. Tilsynsmyndigheit avgjer om dyret skal leverast attende til eigar, seljast, verta omplassert eller verta avliva. Vedtak som politiet har gjort kan verta påklaga til Mattilsynet.1
§ 26 a.Avliving straks
Dersom det vil føre til unødig liding for eit dyr å leve vidare, kan Mattilsynet1 straks setje i verk avliving av dyret. Dette gjeld også dyr som er i mellombels forvaring etter § 26 og gjeld sjølv om dyreeigar set seg imot avlivinga.
§ 27.Tvangsmulkt
Mattilsynet1 kan påleggje tvangsmulkt i form av einskild mulkt eller løypande mulkt for å gjennomføre pålegget når eit pålegg etter denne lova ikkje vert oppfylt innan den fristen som er sett. Størrelsen på tvangsmulkta skal fastsetjast ut frå kor viktig det er at pålegget vert oppfylt og kva kostnader dette kjem til å medføre.
Kongen kan gje føresegn om at dyrevernnemnda kan ileggje tvangsmulkt andsynes ein eigar eller innehavar som ikkje har oppfylt eit pålegg nemnda har gjeve.
Pålegg om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.2 Mattilsynet kan fråfalle påløypt tvangsmulkt.
Kapittel VIII. – Ymse føresegner.
§ 28.Stenging av hytte, koie, seter o.a.
Ingen må1 forlate hytte, koie, seterbu og anna bu, fjøs, stall, løe o.l. i utmark eller i fjellet utan å tryggja seg at dører er såleis stengde at beitedyr ikkje kan koma seg inn og verta innestengde.
§ 29.Gjerde.
Gjerde1 skal2 vera såleis laga og vedlikehaldne at risikoen for at beitedyr skader seg, vert så liten som råd er. Gjerderestar skal2 takast bort. Dersom den eller dei som har gjerdeplikta, ikkje fjernar restane innan den fristen dyrevernnemnda set, skal nemnda syta for at det vert gjort. Den eller dei som har gjerdeplikta, skal bera utgiftene.
Det er forbode2 å nytta piggtråd i gjerde i utmark utan i samband med anna gjerdemateriale som er lett synleg. Kongen kan fastsetja avviklingstid for anna piggtrådgjerde som finst når lova tek til å gjelda.
Utan hinder av føresegna i 2. leden kan kommunestyret, gjennom vedtekt stadfest av departementet,3 setja forbod2 mot bruk av piggtråd i gjerde. Forbodet kan gjelda heile kommunen eller deler av denne, gjeldande for utmark og/eller mellom utmark og innmark.
§ 30.Heimel for departementet til å gjeva nærare føresegner.
Departementet1 kan gjeva nærare føresegner2 om:
Departementet kan òg gjeva andre føresegner til utfylling av denne lova.
§ 30 a.Avgift og gebyr
Kongen kan i føresegner påleggje einkvar omfatta av denne lova å betale gebyr for å dekkje kostnader med tilsyn, kontroll og særskilte ytingar, som utferding av attestar og godkjenningar o.a., etter denne lova.
Kongen kan i føresegner påleggje verksemder omfatta av lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) å betale ei avgift på næringsmiddel. Avgifta skal dekkje kostnader med tilsyn og kontroll etter denne lova med aktivitetar som rettar seg mot dyr som vert brukt i produksjon av næringsmiddel, så framt kostnadene ikkje dekkjest av gebyr, jamfør første ledd.
Kongen kan i føresegner påleggje produsentar eller importørar å betale ei avgift på fôr til dyr som ikkje brukast til produksjon av næringsmiddel. Avgifta skal dekkje kostnader med tilsyn og kontroll etter denne lova med aktivitetar som rettar seg mot dyr som ikkje vert brukt i produksjon av næringsmiddel, så framt kostnadene ikkje dekkjest av gebyr, jamfør første ledd.
Kongen kan gjeva nærare føresegner om berekning av avgiftene og gebyra, og oppkrevjing og innbetaling av desse.
Ved forseinka betaling av avgifter og gebyr, skal det betalast rente i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling.
Avgifter og gebyr er tvangsgrunnlag for utlegg.1
Kapittel IX. – Straffebod.
§ 31.Straff.
Bryt nokon med vilje eller i aktløyse føresegn gjeven i eller med heimel i denne lova, vert han straffa med bot1 eller fengsel2 i opptil 1 år. Er brotet grovt, kan straffa vera bot eller fengsel i opptil 3 år.3
§ 32.Frådøming av rett til å ha med dyr å gjera.1
Har nokon på serleg grov måte eller meir enn ein gong brote føresegn gjeven i eller med heimel i denne lova, kan han, for alltid eller for ei tid, frådømast retten til å eiga, ha, bruka, handla med og slakta dyr, til å stella dyr eller retten til å drive jakt og fangst. Domen kan gå ut på at den skuldige vert frådømd ein eller fleire av desse rettane eller alle og kan avgrensast til å gjelda berre sume dyreslag. Retten kan frådømast endå om dei subjektive vilkåra for straff ikkje er til stades.
Krav om dom etter leden framanfor kan fremjast i straffesak etter § 31 eller i serskild sak etter reglane i straffeprosesslova.2 Påtalemakta3 skal fremja slikt krav så framt dyrevernnemnda4 har bede om det.
Går domen ut på at den dømde skal fråtakast dyr som er i hans varetekt, skal politiet når domen er endeleg, gjeva han ein stutt frist til å kvitta seg med dyra. Held han ikkje fristen, skal politiet snarast råd er, syta for at dyra vert selde eller slakta. Den dømde ber alle utgiftene.
Set den dømde seg ut over domen, kan han straffast etter § 31.
Kapittel X. – Ikraftsetjing o.a.
§ 33.Kvar lova gjeld. Svalbard.
Denne lova skal med unntak av kapittel VII også gjelda på Svalbard.1
§ 34.Ikraftsetjing. Overgangsføresegner.
Kongen fastset kva tid lova tek til å gjelda.1 Føresegna i § 13, nr. 2, når det gjeld stubbing av hale på hundar, tek likevel ikkje til å gjelda2 før den tid departementet fastset.
Frå den tid lova tek til å gjelda, felle desse lovene bort:
Føresegner og reglar gjevne med heimel i nemnde lover, held fram å gjelda, om dei ikkje strider mot føreseger i denne lova, til dess dei vert oppheva eller avløyste av føresegner gjevne med heimel i denne lova.