Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)

Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
Privatistar som melder seg til eksamen i det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå II. Det same gjeld privatistar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn.
Privatistar som melder seg til eksamen i eit nytt framandspråk, kan velje om dei vil ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I eller framandspråk fellesfag nivå II.
Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget, jf. § 9-1.
På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
a.
På påbygging til generell studiekompetanse som etter tilbodsstrukturen skal gjennomførast på vidaregåande trinn 3, skal elevane trekkjast ut til éin skriftleg eksamen og éin munnleg, praktisk eller munnleg-praktisk eksamen.
b.
På påbygging til generell studiekompetanse etter opplæringslova § 5-7, skal elevane trekkjast ut til to eksamenar.
Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval eller som forserer fag.
Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, kan få meir opplæring i faget eller faga. Det same gjeld elevar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva.
Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, jf. § 6-2.
For å bli tatt inn ved ein skole godkjend med tilskot etter sats for særleg ressurskrevjande elevar, er det krav om at eleven må ha:
a.
sakkyndig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste eller frå ein annan kompetent faginstans som dokumenterer at eleven har sterkt nedsett funksjonsevne og omfattande lærevanskar som er langvarige eller permanente
Forskrift om endring i forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) og forskrift til privatskolelova (privatskoleforskrifta)
Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 2. april 2025 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 1-6 fjerde ledd, § 2-3 andre ledd, § 5-4 andre ledd, § 8-2 tredje ledd og § 19-1 tredje ledd og lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-3a, § 3-1 andre ledd og § 6-1 femte ledd.
I
I forskrift 3. juni 2024 nr. 900 om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringsforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:
§ 5-2 andre ledd skal lyde:
Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
§ 5-8 første og andre ledd skal lyde:
Privatistar som melder seg til eksamen i det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå II. Det same gjeld privatistar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn.
Privatistar som melder seg til eksamen i eit nytt framandspråk, kan velje om dei vil ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I eller framandspråk fellesfag nivå II.
§ 6-22 første ledd skal lyde:
Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål.
§ 9-15 første ledd skal lyde:
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane, lærlingane, lærekandidatane og praksisbrevkandidatane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget, jf. § 9-1.
§ 9-31 femte ledd skal lyde:
På påbygging til generell studiekompetanse skal alle elevar ha skriftleg eksamen i hovudmålet sitt. I tillegg gjeld følgjande krav til eksamenar:
Overskrifta til § 15-16 skal lyde:
§ 15-16.Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
II
I forskrift 3. juni 2024 nr. 901 til privatskolelova (privatskoleforskrifta) blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-10 første ledd skal lyde:
Søkjarar skal takast inn til eit fullstendig utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller eit fullstendig programområde på vidaregåande trinn 2 eller trinn 3. Dette gjeld også søkjarar som gjer omval eller som forserer fag.
§ 4-2 første ledd skal lyde:
Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, kan få meir opplæring i faget eller faga. Det same gjeld elevar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva.
§ 4-2 nytt tredje ledd skal lyde:
Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
§ 6-15 første ledd skal lyde:
Sluttvurderinga skal gi informasjon om kompetansen til elevane ved avslutninga av opplæringa i fag. Grunnlaget for sluttvurderinga i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget som skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3, jf. § 6-2.
§ 11-1 tredje ledd skal lyde:
For å bli tatt inn ved ein skole godkjend med tilskot etter sats for særleg ressurskrevjande elevar, er det krav om at eleven må ha:
III
Endringane blir sette i verk straks.