Norsk Lovtidend logo

Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgre utdanning

DatoFOR-2019-11-26-1580
DepartementKunnskapsdepartementet
Ikrafttredelse01.01.2020
EndrerFOR-2017-01-06-13
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-2005-04-01-15-§3-6, LOV-2005-04-01-15-§3-7, LOV-2005-04-01-15-§4-9
Kunngjort27.11.2019   kl. 15.30
Journalnr2019-0987
KorttittelEndr. i forskrift om opptak til høgre utdanning

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 26. november 2019 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-6, § 3-7 og § 4-9.

I

I forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgre utdanning er det gjort følgjande endringar: 

§ 2-2 andre, tredje og fjerde ledd skal lyde:

(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, jf. sjette ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk med éin av desse prøvane:
1.Bestått norsk med 393 timar frå vidaregåande opplæring
2.Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta
3.Bestått eksamen frå 1-årig høgskolestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
4.Skriftleg test i norsk, høgre nivå («Bergenstesten»), med minimum 450 poeng eller «bestått» etter ny vurderingsordning f.o.m. hausten 2009. Frå og med 1. januar 2021 vil i det i tillegg være krav om munnleg test i norsk, høgre nivå
5.Avsluttande prøve i norsk (norskprøven) med ferdigheiter på minimum nivå B2 i alle delferdigheiter, jf. lov 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrarar (introduksjonslova) § 19 andre ledd.
(3) Universitetet eller høgskolen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskapar.
(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB), og som anten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgre nivå («higher level»), fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg
1.har oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), eller
2.har oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått. 

§ 3-3 skal lyde:

Institusjonar kan ta opp søkjarar som ikkje oppfyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagd ingeniørutdanning, jf. § 2-1 første ledd og § 4-4 fjerde ledd. Søkjarane må ha relevant fagbrev eller sveinebrev. 

§ 3-4 første ledd bokstav a skal lyde:

Integrert masterstudium i teknologiske fag, 3-årig ingeniørutdanning og maritime fag har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999. 

§ 3-4 bokstav c slettes. 

§ 3-8 skal lyde:

§ 3-8.Unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til studium i nautikk og studium i marinteknisk drift

Institusjonar kan ta opp søkjarar med relevant fagbrev som ikkje fyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagde studium i nautikk og spesielt tilrettelagde studium i marinteknisk drift. 

Ny § 3-10 skal lyde:

§ 3-10.Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte informatikk, realfag, natur- og miljøfag

Matteknologiutdanning har unntak frå kravet om generell studiekompetanse for søkjarar som har bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014, 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller 1-årig tilpassingskurs, nyare godkjend 2-årig fagskoleutdanning i tekniske fag eller 2-årig fagskoleutdanning etter studieordningar før rammeplan fastsett av departementet i 1998–1999. 

§ 4-2 nytt åttande ledd:

(8) 3-årig bachelor i paramedisin har krav om at søkjarar må dokumentere førarkort klasse B (personbil) og ha bestått fysisk opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette av institusjonen. 

§ 4-7 (1) bokstav a) skal lyde:

Søkjarar som kan dokumentere minimum 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3,0 i norsk (393 timar), men som har ein gjennomsnittskarakter på mellom 3,00 og 3,99 i matematikk (224 timar), kan takast opp dersom dei har bestått eit forkurs i matematikk spesielt tilrettelagt for lærarutdanning i åra 2016–2019. 

§ 4-7 (1) bokstav c) skal lyde:

For søkjarar som har norsk teiknspråk, kvensk eller finsk som andrespråk, gjeld karakterkravet i norsk gjennomsnittet av karakterane i første- og andrespråket. 

§ 4-8 skal lyde:

(1) Engelskspråklege bachelorprogram ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021 krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande
(2) Engelskspråkleg bachelorstudium ved MF – vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn har krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande.
(3) Engelskspråklege bachelorprogram ved Universitetet i Søraust-Noreg har krav om at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i fellesfaget engelsk (140 timar). Karakterkravet i engelsk gjeld ikkje for søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i engelsk med eit omfang på minst 140 timar eller tilsvarande. 

§ 4-10 sjette ledd (6) slettes. Nåværende syvende, åttende, niende, tiende, tolvte og trettende ledd blir nytt sjette til ellevte ledd. 

§ 4-10 (6) skal lyde:

(6) 3-årig bachelorstudium i journalistikk ved OsloMet – storbyuniversitetet har som ei forsøksordning for opptak til studieåra 2017–2018, 2018–2019, 2019–2020 og 2020–2021 krav må at søkjarar må dokumentere minimum karakteren 4,0 i norsk (393 timar). 

§ 4-10 (12) skal lyde:

(12) Søkjarar til desse studia og institusjonane må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette ved institusjonen:
a)Følgjande studium ved OsloMet – storbyuniversitetet
-Fotojournalistutdanning
-Produktdesignutdanning
-Bachelor i tolking i offentleg sektor
b)Animasjon ved Høgskulen i Volda
c)Industridesign ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
d)Studium ved Steinerhøyskolen
e)Film- og fjernsynsutdanning ved Høgskolen i Innlandet
f)Følgjande studium ved Høyskolen Kristiania
-Bachelor i Art Direction
-Bachelor i interiørarkitektur
-Bachelor i Experience & Event
-Bachelor i Grafisk design
-Bachelor i Retail Design
-Bachelor i tekst og skribent
-Bachelor i film og TV
-Bachelor i lys for scene
-Bachelor i manus
-Bachelor i maske- og hårdesign
-Bachelor i lyddesign
-Bachelor i spilldesign
-Bachelor i visual effects
-Bachelor i låtskriving og produksjon
-Bachelor i digital markedsføring
-Bachelor i interiørarkitektur
-Årsstudium i musikkproduksjon. 

§ 5-2 slettes. Nåværende § 5-3 blir ny § 5-2. 

§ 7-5 skal lyde:

§ 7-5.Karakterpoeng

(1) Grunnlaget for rangering er det same som grunnlaget for kvalifisering. Fag som gir tilleggspoeng kan tas med i rangeringa. Rangering skjer ved berekning av poeng. Karakterpoeng er gjennomsnitt av talkarakterar, med to desimalar, multiplisert med 10.
(2) Departementet eller den institusjonen departementet gir fullmakt, kan fastsetje omrekningstabellar for søkjarar med anna utdanning enn norsk vidaregåande opplæring.
(3) For søkjarar med vitnemål frå norsk gymnas med bokstavkarakterar gjeld fastsett omrekningstabell, jf. § 9-2. 

§ 7-6 slettes. 

§ 7-7 første ledd skal lyde:

(1) Ved berekning av karakterpoeng utanom kvoten for førstegongsvitnemål skal karakterforbetringar erstatte tidlegare karakter(ar) i same faget. 

§ 9-1 nytt ellevte ledd (11) skal lyde:

(11) Søkjarar som våren 2020 eller tidlegare har utdanning frå International Baccalaureate (IB), og som anten har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), eller som oppfyller krava i tredje ledd, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg
1)har oppnådd diplom frå International Baccalaureate (IB), eller
2)har oppnådd IB-Certificate med meir enn 20 poeng og bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgre nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgre nivå («higher level»). Slike søkjarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3. Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay må òg vere bestått.

II

Forskrifta skal tre i kraft frå 1. januar 2020.