Norsk Lovtidend logo

Lov om endringar i oreigningslova

DatoLOV-2015-06-05-38
DepartementJustis- og beredskapsdepartementet
PublisertI 2015 hefte 5 s 708
Ikrafttredelse05.06.2015
EndrerLOV-1959-10-23-3
Kunngjort05.06.2015   kl. 14.00
Journalnr2015-0416
KorttittelEndringslov til oreigningslova

Prop.67 L (2014–2015), Innst.245 L (2014–2015), Lovvedtak 66 (2014–2015). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 5. og 12. mai 2015. Fremja av Justis- og beredskapsdepartementet.

Endringar i følgjande lov:

Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom.

I

I lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom blir det gjort følgjande endringar: 

§ 4 skal lyde:

Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1, lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep. Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva tid førehandsundersøkingane kan gjerast.

Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter fyrste ledd gjeld § 15 i forvaltningslova.

Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jf. § 19.

Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13. 

§ 19 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:

Skadebot for skade eller ulempe som er valda ved førehandsundersøkingar i samhøve med § 4 fyrste ledd, skal det skjønet fastsetja som fastset vederlag for inngrepet, så framt partane er samde om det. 

§ 19 andre ledd fyrste punktum skal lyde:

Vert ikkje inngrepet sett i verk, kan skjønet, så framt eigar eller rettshavar krev det, fastsetja at den ansvarlege for gjennomføringa av førehandsundersøkingane skal vøla skaden i staden for å svara skadebot.

II

1.Lova tek til å gjelde straks.
2.Nytt § 4 fjerde ledd får verknad for vedtak om løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter § 4 fyrste ledd som blir gjorde etter at lova tek til å gjelde.