Norsk Lovtidend logo

Lov om film og videogram

DatoLOV-1987-05-15-21
DepartementKultur- og vitenskapsdepartementet
PublisertAvd I 1987 Nr. 9
Ikrafttredelse27.06.1987
EndrerLOV-1902-05-22-10, LOV-1913-07-25-4, LOV-1985-06-21-87
Gjelder forNorge
Kunngjort27.05.1987
KorttittelFilm og videoloven

Ot.prp.nr.20 (1986–1987), Innst. O.nr.35 (1986–1987) og Besl.O.nr.44 (1986–1987) Odels- og lagtingsvedtak 27. mars og 9. april 1987. Fremmet av Kultur- og vitenskapsdepartementet.

Oppheving av:

1.Lov 25. juli 1913 nr. 4 om offentlig forevisning av kinematografbilleder
2.Lov 21. juni 1985 nr. 87 om merking og registrering av videogram m.v.

Endring i:

1.Straffeloven av 22. mai 1902 nr. 10

Kapittel I Innleiande reglar

§ 1.Verkeområde og definisjonar

Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje tilhøve som er regulerte i lov 13. juni 1980 nr. 36 om kringkasting.

Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.

Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar.

Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.

Kapittel II Løyveplikt og avgifter

§ 2.Kommunal løyveordning

Framsyning og omsetning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt. Dette gjelde ikkje omsetning av film eller videogram for vidareomsetning.

Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.

Dei som driv omsetning av film eller videogram når denne lova blir sett i verk, må søkje om løyve innan seks månader etter iverksetjinga.

Departementet kan i forskrift gjere unnatak frå kravet om løyve.

§ 3.Avgift til Norsk kino- og filmfond

Det skal svarast ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 pst. av bruttoomsetninga ved framsyning og sal og utleige av film og videogram i næring. Dei avgiftspliktige skal føre særskild rekneskap for slik framsyning og omsetning. Departementet gir nærare forskrifter om avgiftsgrunnlag, utrekning og innkrevjing av avgifta.

Departementet fastset i forskrifter nærmare retningsliner for bruken av midlane.

Kapittel III Førehandskontroll og aldersgrenser

§ 4.Førehandskontroll

Film eller videogram som skal synast fram i næring, må på førehand vere godkjent av Statens filmkontroll. Departementet kan gi forskrifter om førehandskontroll av film og videogram som skal omsetjast til forbrukarar.

Statens filmkontroll må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som Filmkontrollen meiner strir mot lov eller krenkjer sømd eller verkar forråande eller moralsk nedbrytande. Avgjerdene til Statens filmkontroll kan ikkje påklagast til overordna organ.

Den som vil ha ein film eller eit videogram vurdert av Statens filmkontroll, skal betale ei avgift som blir fastsett av departementet.

Departementet kan i forskrifter gjere unnatak frå kravet om førehandskontroll og betaling av avgift.

§ 5.Aldersgrenser

Film og videogram som skal synast fram i næring til personar under 18 år, skal godkjennast for aldersgruppene 5-10 år, 10-15 år, 15-18 år.

Når dei er i lag med føresette eller andre i føresettes stad, kan

a)barn under 5 år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa 5-10 år, og
b)barn mellom 5 og 10 år sjå fim og videogram som er godkjende for aldersgruppa 10-15 år.

Ved aldersvurdering som nemnt i første leddet, skal Statens filmkontroll leggje avgjerande vekt på om filmen eller videogrammet kan påverke sinn eller rettsomgrep på ein skadeleg måte. Statens filmkontroll kan i tillegg uttale seg om ein film eller eit videogram høver for ei viss aldersgruppe.

§ 6.Statens filmkontroll

Departementet oppnemner dei sakkunnige medlemmene av Statens filmkontroll og peikar ut ein leiar blant dei.

Departementet gir nærmare forskrifter om verksemda i Statens filmkontroll.

Kapittel IV Merking og registrering av videogram m.m.

§ 7.Registrering av videogram

Videogram skal vere registrert i eit videogramregister. Registrering kan berre skje om importør eller produsent er registrert i samsvar med § 9.

Eit videogram som Statens filmkontroll meiner er i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382, kan ikkje registrerast. Det same gjelde videogram som etter dom er funne rettsstridig, eller som etter avgjerd skal takast i forvaring eller sperrast.

Departementet gir i forskrift nærmare reglar om innhaldet i registeret, registerføringa og når registreringa skal skje.

§ 8.Merking av videogram

Registreringspliktige videogram skal merkast av importør eller produsent.

Departementet fastset i forskrift nærmare reglar for merkinga.

§ 9.Registrering av importørar, produsentar og forhandlarar

Berre den som er registrert i eit særskilt importør- og produsentregister, kan importere eller produsere videogram for omsetning i næring. Berre den som er registrert i eit særskilt forhandlarregister og har løyve etter § 2, kan drive omsetning av videogram til forbrukarar. Departementet gir i forskrift nærmare reglar om innhaldet i registra og registerføringa.

I samband med registreringa skal importøren eller produsenten peike ut den daglege leiaren som ansvarleg leiar for verksemda, jf. § 14.

§ 10.Videogramregisteret

Registrering etter § 7 og § 9 skjer i Videogramregisteret. Departementet gir i forskrift nærmare reglar om organisasjonen og om verksemda til Videogramregisteret.

Klager på einskildvedtak i Videogramregisteret skal avgjerast av klagenemnda for videogramregistrering. Reglane i kap. VI i forvaltningslova gjeld for slike klager. Klagenemnda for videogramregistrering blir utpeika av departementet, som óg i forskrift gir nærmare reglar om verksemda til nemnda.

Det skal betalast gebyr for registrering og merking. Departementet fastset nærmare forskrifter om gebyr og om inkrevjing. Stortinget fastset satsane.

§ 11.Innsynsrett

Alle har innsynsrett i registra dersom ikkje lovbestemt teieplikt er til hinder for dette. Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om korleis opplysningane skal kunngjerast for ålmenta, og kan gjere unnatak frå innsynsretten i visse høve.

§ 12.Administrative sanksjonar

Videogramregisteret kan etter nærmare reglar gjere vedtak om strykingar i registeret i tilfelle brot på lov eller forskrifter givne med heimel i lov.

Kapittel V Strafferettslege sanksjonar

§ 13.Straff

Den som ved vilje eller aktlaust bryt denne lova eller forskrifter givne med heimel i lova, kan straffast med bot eller fengsel i opptil tre månader eller med begge delar.

Om lovbrotet etter første ledd er gjort av nokon som har handla på vegner av ei verksemd, kan verksemda idømmast bot eller tap av retten til å drive næringsverksemd sjølv om ingen person kan straffast for lovbrotet. Ved utmåling av bot skal det mellom anna leggjast vekt på om lovbrotet er gjort for å fremje interessene til verksemda, og om verksemda har hatt føremoner av brotet. For tap av retten til å drive næringsverksemd gjeld § 29 i straffelova.

§ 14.Straff for ansvarleg leiar ved omsetning av videogram

Ansvarleg leiar for eit import- eller produsentfirma, jf. § 9 andre leddet, kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader om han i næring omset videogram som har kunne straffast for etter § 211 eller 382 i straffelova om han hadde kjent til innhaldet. Han er likevel straffri om han godtgjer at han ikkje kan leggjast noko til last med omsyn til kontroll av innhaldet i videogrammet eller tilsyn med, rettleiing eller instruks for avløysarar, medarbeidarar eller underordna.

Ved gjentaking eller ved særs skjerpande omstende kan fengsel idømmast opptil seks månader. Det kan likevel ikkje idømmast strengare straff enn etter den lovregelen som kunne ha vore nytta om den ansvarlege leiaren hadde kjent innhaldet.

Påtale etter denne lova følgjer dei same reglane som påtale etter lovreglane som regulere innhaldet i videogram.

§ 15.Ulovleg omsetning

Den som driv omsetning av film eller videogram som er sperra eller inndrege som stridande mot § 211 eller § 382 i straffelova for mindre enn 15 år sidan, kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader.

Påtale blir berre reist når allmenne omsyn krev det.

§ 16.Inndraging

Ein film eller eit videogram som heilt eller delvis er i strid med § 211 eller § 382 i straffelova, kan ved dom inndragast utan omsyn til om nokon kan straffast.

Føresegnene i første leddet gjeld ikkje film eller videogram som er i privat eige og som det ikkje er meininga skal spreiast til ålmenta eller synast fram i næring.

Kapittel VI Gjennomføring av lova

§ 17.Ikraftsetjing

Lova tek til å gjelda frå den tid Kongen fastset. Frå same tid blir følgjande lover sette ut av kraft:

1.Lov 25. juli 1913 nr. 4 om offentlig forevisning av kinematografbilleder,
2.Lov 21. juni 1985 nr. 87 om merking og registrering av videogram m.v.

Frå den tid lova tek til å gjelde, skal det gjerast følgjande endring i Almindelig borgerlig straffelov av 22. mai 1902 nr 10: 

§ 382 fjerde ledd skal lyde:

Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmkontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning.