Norsk Lovtidend logo

Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova

DatoFOR-2020-03-25-447
DepartementKunnskapsdepartementet
Ikrafttredelse25.03.2020
EndrerFOR-2006-06-23-724, FOR-2006-07-14-932
Gjelder forNorge
HjemmelLOV-1998-07-17-61-§3-4, LOV-2003-07-04-84-§2-3
Kunngjort26.03.2020   kl. 16.30
Journalnr2020-0394
KorttittelEndr. i forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova

Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 25. mars 2020 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 3-4 første ledd og lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova) § 2-3 andre ledd.

I

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir denne endringa gjort: 

Ny § 1-16a skal lyde:

§ 1-16a.Godkjenning av opplæringsår i utlandet – mellombels godkjenningsordning

Ein elev som etter planen skulle ha gjennomført eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 eller Vg2 skoleåret 2019–2020, kan søkje fylkeskommunen om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring, sjølv om opplæringsåret blei avbrote som følgje av koronavirus-utbrotet. Fylkeskommunen skal gje godkjenning dersom vilkåra er oppfylt. Med omsyn til utdanningsprogram, fagkrins og saksbehandling gjeld reglane i § 1-16.

II

I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til friskolelova blir denne endringa gjort: 

Ny § 5a-4 skal lyde:

§ 5a-4.Godkjenning av opplæringsår i utlandet – mellombels godkjenningsordning

Ein elev som etter planen skulle ha gjennomført eit opplæringsår i utlandet på nivå med norsk Vg1 eller Vg2 skoleåret 2019–2020, kan søkje dagleg leiar om å få denne opplæringa godkjend som ein del av norsk vidaregåande opplæring, sjølv om opplæringsåret blei avbrote som følgje av koronavirus-utbrotet. Dagleg leiar skal gje godkjenning dersom vilkåra er oppfylt. Med omsyn til utdanningsprogram, fagkrins og saksbehandling gjeld reglane i § 5a-3.

III

Forskrifta tek til å gjelde straks.