Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-3 annet ledd første punktum.
Kapittel 2A. Krav til læreplanen og rett til fysisk aktivitet
Ny § 2A-1 skal lyde:
§ 2A-1.Generelle krav til læreplanen
Alle læreplanar som godkjennast etter privatskolelova § 2-3 første ledd må oppfylle krava i denne føresegna. Læreplanen må vere jamgod med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, og omfatte
a)
Generell del og Prinsipp for opplæringa i Læreplanverket for Kunnskapsløftet/Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk eller annan tilsvarande plan
b)
læreplanar for fag. Læreplanane for det einskilde faget må innehalde ei omtale av formålet med faget, korleis ein skal forstå dei grunnleggjande ferdigheitene, hovudområda i læreplanane for fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk kompetansemål i faget, og særskilde føresegner om vurdering
c)
fag- og timefordeling i grunnopplæringa
d)
ei omtale av kva slag vurderingsordningar og dokumentasjon skolen skal nytte.
Læreplanen for dei vidaregåande skolane må til vanleg vere i samsvar med den tilbodsstrukturen som er fastsett for den offentlige vidaregåande skolen.
Ny § 2A-2 skal lyde:
§ 2A-2.Skolar godkjend på religiøst grunnlag
Skolar som er godkjend på religiøst grunnlag, jf. privatskolelova § 2-1 første ledd bokstav a), må synleggjere verdigrunnlaget sitt i læreplanen, under dette i læreplanane til relevante fag. I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i forhold til grunnlaget til skolen.
Ny § 2A-3 skal lyde:
§ 2A-3.Skolar godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning
Skolar som er godkjend på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning, jf. privatskolelova § 2-1 første ledd bokstav b), må synleggjere den anerkjende pedagogiske retninga i læreplanen.
I høve til fag- og timefordelinga i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, kan det godkjennast at desse skolane flytter timar mellom fag for å styrke fag som er særleg viktig i høve til grunnlaget til skolen. I høve til kompetansemåla i Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk, kan det godkjennast å flytte kompetansemål frå eit trinn til eit anna dersom dette er vesentleg for at skolen skal kunne ivareta sin pedagogiske egenart.
Ny § 2A-4 skal lyde:
§ 2A-4.Andre skolar
Ved internasjonale skolar, jf. privatskolelova § 2-1 første ledd bokstav c), skal opplæringa vere i samsvar med ein relevant internasjonal læreplan.
Skolar som tilbyr særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett, jf. privatskolelova § 2-1 første ledd bokstav e), skal følgje Utdanningsprogram for idrettsfag, under dette det valfrie programfaget toppidrett 1, 2 og 3, eller Utdanningsprogram for studiespesialisering med tillegg av 5 veketimer toppidrett etter eigen plan.
Ved norske skolar i utlandet, jf. privatskolelova § 2-1 første ledd bokstav e), og andre skolar som ikkje er særskilt nemnt i kapittel 2A i denne forskrifta, skal opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk. Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk omfattar den generelle delen av læreplanen, prinsipp for opplæringa, læreplanane for faga og fag- og timefordelinga.
Ny § 2A-5 skal lyde:
§ 2A-5.Tid til opplæring og eksamen
Tida som går med til eksamen, medrekna eventuell førebuingstid som blir teken frå undervisninga, skal reknast som opplæringstid. Elevar som ikkje blir trekte ut til eksamen, skal ha ordinær opplæring.
Ny § 2A-6 skal lyde:
§ 2A-6.Opplæring i framandspråk og språkleg fordjuping i grunnskolen
Elevane på ungdomstrinnet i grunnskolen skal i tillegg til opplæring i engelsk ha opplæring i eit framandspråk til eller språkleg fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Når ein elev har valt anten framandspråk eller språkleg fordjuping, skal eleven normalt ha faget på heile ungdomstrinnet. Når opplæring i framandspråk og språkleg fordjuping tek til, kan elevane i første halvåret gjere omval i samråd med skolen. Når det ligg føre særlege grunnar, kan skolen godkjenne overgang på eit seinare tidspunkt.
Skolen skal tilby opplæring i framandspråk i minst eitt av dei fire språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I ved kvar skole. I tillegg kan det vere tilbod om andre språk, også ikkje-europeiske, etter same læreplanen. Skolen bestemmer kva for framandspråk elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.
Skolen skal tilby opplæring i språkleg fordjuping i minst eitt av faga norsk, engelsk eller samisk ved kvar skole. Skolen bestemmer kva for språkleg fordjuping elevane skal få tilbod om, og korleis dette skal organiserast.
Elevar som har hatt opplæring i framandspråk eller språkleg fordjuping, har ikkje rett til å halde fram med opplæring i det framandspråket eller den språklege fordjupinga dei har begynt på, dersom dei skifter skole. Skolen bør likevel, så langt det er mogleg, leggje til rette for at elevane kan halde fram med opplæring i det språket dei har begynt på.
Ny § 2A-7 skal lyde:
§ 2A-7.Opplæring i framandspråk i vidaregåande opplæring
Elevar i vidaregåande opplæring som held fram med det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå II. Elevar som begynner med eit nytt framandspråk, skal følgje læreplanen for framandspråk fellesfag, nivå I. Elevar som på ungdomstrinnet ikkje har hatt opplæring i framandspråk i grunnskolen, skal ha opplæring både i nivå I og i nivå II i læreplanen når dei begynner med framandspråk i vidaregåande opplæring.
Noverande § 2A-1 blir ny § 2A-8.
II
Endringane trer i kraft 1. august 2011.
Rettelser
Publisert: I 2011 hefte 6 (Rettelse)
Det som er rettet er satt i kursiv.
§ 2A-1 bokstav b skal lyde:
b)
læreplanar for fag. Læreplanane for det einskilde faget må innehalde ei omtale av formålet med faget, korleis ein skal forstå dei grunnleggjande ferdigheitene, kompetansemål i faget, hovudområda i læreplanane for fag etter Læreplanverket for Kunnskapsløftet eller Læreplanverket for Kunnskapsløftet – Samisk og særskilde føresegner om vurdering
Forskrift om endring i forskrift til privatskolelova
Heimel: Fastsett av Kunnskapsdepartementet 7. juni 2010 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova) § 2-3 annet ledd første punktum.
I
I forskrift 14. juli 2006 nr. 932 til privatskolelova blir det gjort følgjande endringar:
Kapittel 2A overskriften skal lyde: